Hopp til innhald

Fagstoff

Stein, saks, papir

Denne leiken utfordrar snøggleiken og reaksjonsevna di.
To fotballspelarar duellerer i stein, saks, papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skildring

  • Legg ut rockeringar eller liknande for å markere ein fristad. Området som blir brukt, kan vere ein sal, halv handballbane, innanfor 16-meteren på ein fotballbane eller liknande.
  • Elevane joggar rundt og avtaler ein duell med ein medelev, til dømes ved å nikke til kvarandre, peike, få blikkontakt. Duellantane stiller seg med fronten mot kvarandre og speler stein–saks–papir. Stein slår saks, saks slår papir, og papir slår stein.
  • Den som taper, skal skunde seg til ein ledig rockering og får eitt poeng viss hen klarar det. Viss den som vinn duellen rekk å ta/touche taparen før hen kjem til rockeringen, får vinnaren poenget.
  • Den som har fått flest poeng på til dømes 5 minutt, eller som først får 10 poeng, har vunne.
  • Du kan variere om det er vinnar eller taper av duellen som skal springe til rockeringen.
CC BY-SASkrive av Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2020

Læringsressursar

Leik