Hopp til innhald

Fagstoff

Ta vesten

Denne leiken utfordrar reaksjonsevne og snøggleik.
Tre ungdommar i aktivitet i gymsal. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skildring

  • Del gruppa i to lag, som stiller seg på kvar si side av salen.
  • Gi elevane i begge gruppene eit tal frå 1 og opp til det talet på elevar du har. Alle elevane startar med sitt eige tal.
  • Lærar eller andre stiller seg i midten og held ein vest ut i lufta. Deretter ropar den som står midt i salen ut eit tal, til dømes 7. Då skal dei som har talet 7 på begge lag, springe mot midten. Der har dei to val: anten ta vesten og prøve å nå fram til sitt eige lag igjen, eller å vente til motstandaren tek vesten, og så prøve å ta denne før hen rekk tilbake til sitt eige lag. Den som taper duellen, er ute, og nokon andre på laget må ta over talet til den som gjekk ut. Etter kvart er det fleire på laget som har mange tal dei må springe på.
  • Leiken held fram til eitt lag står igjen. Ein variant kan vere at dei som allereie er ute, på det laget som taper duellen, må gjennomføre enkle styrkeøvingar, som til dømes fem bukbøy.



CC BY-SASkrive av Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2020

Læringsressursar

Leik