Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Hauk og due

Ei øving for akselerasjonshurtigheit, reaksjonshurtigheit, taktikk og samarbeid.
Oppstilling til øvinga hauk og due. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hauk og due er ein gammal klassikar. Alle som deltek, utanom éin person, samlar seg i den eine enden av gymsalen. Desse er duene. Hauken står midt i gymsalen. Når hen roper "Alle mine duer, kom ut!", skal duene springe frå den eine enden til den andre. Dei som blir tekne av hauken, skal frå no av vere haukar sjølve. Dette skjer til alle duene er tekne.

Alternativ 2

Med ball. Beskriving: Her følgjer de vanlege reglar, bortsett frå at duene har kvar sin ball og ein blir teken når hauken tek ballen eller sparkar han ut av banen. De kan variere vanskegraden ved å endre banestorleiken. Til dømes vil ein lang og smal bane vere meir utfordrande enn ein brei og kort bane.

CC BY-SASkrive av Kolbjørn Ekker, Jan Bolle og Oddbjørg Vatn Slapgaard.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2020

Læringsressursar

Leik