Hopp til innhald

Fagstoff

Kjegle-Jo

Kjegle-Jo er eit lagspel og ein samarbeidsleik der du får vere med på å utforme reglane sjølv. I tillegg må laget jobbe med ein felles taktikk med utgangspunkt i kva lagspelarane er gode til.
Ei kjegle ligg på eit golv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Læringsmål

Målet med leiken er at du skal

  • samarbeide med medelevane i klassen om å utarbeide felles reglar

  • finne ut kva du kan bidra med som lagspelar

  • samarbeide med medelevane på laget om ein felles lagtaktikk

I denne aktiviteten skal to lag spele mot kvarandre. Alle brukar kjegler til å kaste og motta ein ball. Skåringa skjer inni ein målgard.

Førebuing

  • Del dykk inn i lag på seks–sju elevar.

  • Heile klassen må i fellesskap bli einige om reglar, til dømes:

    • Kor mange skritt skal det vere lov å ta?

    • Er det berre lov å kaste framover?

    • Skal kroppskontakt vere lov?

    • Kor stor skal banen vere?

    Tips: Reglane for kastretning og talet på tillatne skritt bør hengje saman.

  • Kvart lag diskuterer og kjem fram til ein felles taktikk, med utgangspunkt i felles reglar, om korleis dei skal samarbeide for å klare å skåre. Finn ut kva kvar enkelt kan bidra med. Til dømes spring nokre fort, nokre er gode til å kaste, nokre er uthaldande, nokre er gode til å leie, nokre er gode til å motivere, nokre spreier godt humør og så vidare. Bruk denne informasjonen til å utforme lagtaktikken. Sørg for at alle på laget har ei oppgåve.

Gjennomføring

  • To lag speler mot kvarandre.

  • Alle deltakarane treng ei kjegle kvar, alle bør ha kjegle med lik storleik.

  • Éin ball er i spel om gongen. Bruk ein ball som er så liten at han får plass oppi kjegla, men så stor at han likevel ikkje set seg fast i kjegla.

  • Pasning og mottak skjer ved hjelp av kjegla. Du kan ikkje kaste eller ta imot ballen med hendene. Pasninga startar ved at ballen ligg oppi kjegla.

  • Skåring skjer ved pasning til ein lagspelar som står inne i ein målgard. Dette kan vere ein rockering, ei matte, ein benk eller ein boks av kjegler. Lagspelaren må ta imot for at det skal bli skåring. Motspelarar har ikkje tilgang i målgarden.

  • Spel gjerne turnering, der alle laga speler mot kvarandre.

Refleksjonar undervegs

  • Ta ein kort timeout etter å ha spelt i fire–fem minutt. Diskuter med laget ditt om reglane de har bestemt, fungerer slik de trudde. Bør de gjere endringar?

  • Mellom kvar kamp diskuterer laget om taktikken har fungert eller ikkje. Om han ikkje har fungert som planlagt, må de gjere endringar.

Avslutning

  • Diskuter internt i laget kva som fungerte, kva som ikkje fungerte, og kvifor det ikkje fungerte.

  • Del erfaringane dykkar om å utforme reglar og taktikk med resten av klassen.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 04.10.2021

Læringsressursar

Leik