Hopp til innhald

Fagstoff

Miljøberiking for dyr

Når du arbeider med dyr, skal du sikre at dyr blir haldne i miljø som gir god velferd ut frå artstypiske og individuelle behov. Du skal gi dyra eit miljø og moglegheiter for naturleg åtferd og aktivitetar som er mentalt og fysisk stimulerande.
Ape som heng i tau med fargerike påskeegg. Bak hol i påskeegga er det gøymd mat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Miljøberiking – utøve naturleg åtferd

Ville dyr bur i rike og stimulerande miljø, der dei sjølv kan velje aktivitetane sine og stadig må finne løysingar på utfordringar. Dyr i dyrehald har eit mindre variert miljø som legg mindre til rette for naturlege åtferder som matsøk, sosiale interaksjonar, yngelpleie, kurtisering, kroppspleie, åleinetid, kvile, leik og rørsle.

I den gamle dyrevernslova handla dyrevelferd mest om å unngå liding og sjukdom. I dag er det fokus på at dyr skal få fridom til å utøve naturleg åtferd. Det blir òg stilt krav til at du har kunnskap om den naturlege åtferda til dyret, normale utvikling og åtferdsbehov.

Kva er naturleg åtferd?

Naturleg åtferd er alle åtferdene eit friskt dyr gjer gjennom dagen når det lever i naturlege omgivnader. Åtferdsrepertoaret til eit dyr er delvis medfødt og delvis tillært, og avheng sjølvsagt av miljøet dyret lever i. Til dømes kan ikkje ein gris bygge reir utan reirmateriale, ei høne vagle utan å ha tilgang til ein vagle eller ei due fly utan å ha plass.

Åtferdsbehov

Nokre åtferder er viktigare for dyra enn andre. Det vil seie at når dyra ikkje får utført akkurat desse åtferdene, blir dei frustrerte. Dyra kan bli både sjuke og vise unormal åtferd. Når dyra har eit veldig sterkt behov for å gjere ei spesiell åtferd, kallar vi det eit åtferdsbehov. Dyr har til dømes eit grunnleggande behov for fri rørsle.

Døme på sterke åtferdsbehov

Strøbading hos fjørfe: sjølv når høns ikkje har tilgang på strø å bade i, vil dei prøve å strøbade på nettinggolvet.

Rørsle hos elefant: sjølv når plassen er for liten, vil elefanten prøve å tilbakelegge lange distansar ved å gå på andre måtar.

Roting i jorda hos gris: sjølv når det ikkje finst noko å rote i, vil grisen prøve å flytte på laust substrat på golvet.

Eting hos hest: når hesten ikkje får ete i rørsle nesten heile dagen, vil han ete på andre materiale.

Du fremmer dyrevelferd ved å kartlegge åtferdsbehovet til dyret og legge til rette for at det får utøve naturlege åtferder.

Jente som skriv i ei bok mens ei selskapsrotte er på veg opp i boka hennar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er miljøberiking?

Miljøberiking er å forbetre den fysiske og mentale helsa til dyret ved at du avdekkjer åtferdsbehov og tilbyr stimulerande aktivitetar og miljø. Målet er å få fram eit stort repertoar av naturleg, ønskt åtferd og unngå uønskt åtferd eller stereotypiar.

Stereotypiar er gjentakande åtferder og er ei unormal rørsle som ikkje finst naturleg i åtferdsrepertoaret til dyret. Stereotypiar er indikatorar på frustrasjon og dårleg dyrevelferd og er eit resultat av manglande stimuli eller mangel på oppfylte naturlege behov.

Døme på stereotypiar er halejaging, fjørplukking, krybbebiting, luftsluking, halebiting og veving.

Det er viktig å forstå at det å få utføre stereotypiar er ein måte for dyret til å handtere livssituasjonen sin og frustrasjon på, og slike åtferder kan milde angsten til dyret. Derfor kan du gi dyret dårlegare dyrevelferd viss du straffar det eller hindrar det i å utføre stereotypiane. Stereotypiar er òg viktig informasjon til deg om at dyret ikkje har det godt. Når du arbeider med dyr, skal du fokusere på å berike miljøet, gi aktivitetar og få fram eit større åtferdsrepertoar.

Miljøberiking i praksis

Miljøberiking har du sikkert sett i praksis ved besøk i dyreparkar, der dette er ein viktig del av arbeidsoppgåvene til dyrepassaren.

Miljøberiking er ein del av dagleg stell og helsesjekk av dyret. Du må vere kreativ og tolmodig, fordi endringar i åtferdsrepertoar kan skje over tid og utan at du legg merke til det i byrjinga. Du kan starte med å endre måten du fôrar på, gi ting som dyret kan manipulere, ominnreie levemiljøet og observere dei nye åtferdene.

Typar miljøberiking

Fôrbasert beriking

Fôret blir tilbode på ein ny måte, eller det blir gitt ein heilt ny type fôr. Du kan gøyme maten, fordele han rundt og gjere han vanskelegare tilgjengeleg. Du kan òg gi fôr med lågare energiinnhald, slik at dyret får fylt magesekken betre og kan drive med eting og fôrsøk lenger.

Døme:

  • aktiv stall der hesten må gå for å finne maten og berre får litt om gongen
  • gøyme fôr i substratet til beitedyr
  • putte mat inni behaldarar slik at dyret må jobbe for å få det ut
  • smørje mat på flater

Fysisk beriking

Dette er alle fysiske endringar i miljøet til eit dyr. Det gjeld oppstallingsplass, innreiing, substrat og objekt dyret kan manipulere. Det kan òg vere å auke plassen, men det er sjeldan det åleine er tilstrekkeleg som beriking. Kanskje du må undersøke kva dyret bruker, og heller gjere området meir interessant å ta i bruk.

Døme:

  • vaglar
  • leiker
  • gøymestader
  • nytt substrat
  • vatn i trau eller i rørsle
  • tredimensjonal utnytting av arealet slik at dyret kan kome seg opp i høgda, klatre, hoppe eller flyge
  • pappesker, dorullar, samankrølla papir
  • tau
  • utsiktspunkt
  • tunnelar
  • gravehaugar

Sanseberiking

Du kan berike på måtar som stimulerer bruken av sansane hos dyret. Alle dei fem sansane, syn, høyrsel, lukt, smak og det taktile, kan stimulerast.

Døme:

  • legge inn duftande planter
  • strø med krydder, urin eller avføring frå andre dyr
  • bruke eteriske oljer
  • ta med dyret på ein vandretur
  • spele av musikk eller dyrelydar
  • gi dyret snø til å gni seg i
  • fryse inn maten i ei isblokk
Tiger som sniffar på juletre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sosial beriking

Sosial beriking skjer ved interaksjon med menneske eller dyr av same art eller andre artar. Det treng ikkje vere nærkontakt for å vere berikande. Artar og individ har ulike personlege sosiale soner. Interaksjonen skal opplevast som trygg for dyret.

Døme:

  • la dyr sleikje og gi kvarandre pelsstell
  • leike med eller sjå andre dyr, til dømes gå ein tur med beltedyret i dyrehagen for å sjå på pingvinane
  • lage gode sosiale grupper, ha faste leikekameratar som ein treffer på tur
  • få vere med ulike menneske på ein positiv måte

Kognitiv beriking

Du kan berike miljøet ved å gi dyret mentale utfordringar i form av ulike oppgåver. Dyr kan ha stor glede av å lære og delta i trening av evner. Ved å gi dei problemløysingsoppgåver aktiverer du dei kognitive evnene og gir dyra ei oppleving av kontroll over delar av sitt eige miljø.

Døme:

  • labyrintar – ofte brukt på mus
  • puslespel
  • diskrimineringsoppgåver, der dyra må oppdage forskjellar for å få tilgang vidare – nesten som eit escape room
  • trening av evner
  • teknologi som datastyrte program

Gir du verkeleg beriking?

For alle typar beriking må du ta omsyn til arten og vere sikker på at berikinga er trygg både for dyret og andre. Du må tenke på ting som smitte, skadar frå gjenstandar, at det blir opplevt hyggeleg, og at berikinga betyr noko for dyret.

Kanskje berikingsforsøket blir ei kjelde til stress for dyret, slik at du må endre det. Døme på det kan vere viss dyret må jobbe for hardt for maten, at dyret må vere med individ det ikkje liker, at det blir trena på ein måte som er skremmande, anstrengande eller smertefull, eller får oppgåver som er for vanskelege å løyse. Når du arbeider med dyr, må du observere individet og opparbeide deg kompetanse om arten.

God miljøberiking held dyra i aktivitet, tilfredsstiller behovet for leik og utforsking og forhindrar at dyr kjedar seg. Det gjer dyr mindre rastlause, mindre redde, gir ein lågare førekomst av stereotypiar, overdriven kroppspleie og biting på innreiinga og eit større åtferdsrepertoar. I tillegg kan miljøberiking påverke utviklinga av hjernen på ein positiv måte.

Relatert innhald

Korleis kan vi avgjere om eit dyr har det godt eller ikkje? Kva krav stiller dyrevelferdslova til dyrehaldet?



CC BY-SASkrive av Randi Helene Tillung.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2020

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver for dyrefagarbeidaren