Hopp til innhald

Fagstoff

Forståing og vurdering av dyrevelferd

I alt dyrehald fjernar du nokre fridommar og gir andre. Dyrevelferd er derfor avhengig av kva vi måler velferd opp mot, og kva vi legg i tydinga av det.
Kuhake mot menneskehand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mestring

Meistring er eit sentralt omgrep i forståinga og vurderinga av velferda til eit dyr. Eit dyr som nyttar store ressursar og mykje innsats på å meistre miljøet sitt, har dårlegare velferd enn eit som nyttar små ressursar, sjølv om begge lykkast i forsøka sine.

Dyrevelferd tek utgangspunkt i individet si subjektive oppleving av sin eigen situasjon og er eit omgrep som tek omsyn til individuelle forskjellar og behov. Har hunden, marsvinet eller kalven ei positiv, negativ eller nøytral oppfatning av den mentale og fysiske tilstanden sin?

Tilpassing av miljøet

I all slags dyrehold er det viktig å sørge for at dyrene er grunnleggende friske, uten sykdom eller skade. De skal også få nok og ernæringsmessig riktig mat med hensyn til art. I tillegg er det viktig å tilpasse dyrets miljø og liv, slik at naturlige behov og atferder tilfredsstilles.

En slik tilpasning gir ofte mindre fridom samanlikna med eit fritt liv i naturen, men samtidig reduserer ein òg nokre av farane ved eit liv i total fridom. Ein unngår at dyr blir tekne av rovdyr (med unntak av sau på utmarksbeite), ein oppdagar sjukdom og skadar tidleg, og svolt og tørst blir eliminerte. Med andre ord: ein fjernar nokre fridommar og gir andre. Dyrevelferd er derfor avhengig av kva vi måler velferd opp mot, og kva vi legg i tydinga av det.

Korleis blir dyrevelferd målt?

Kvifor nytte ein skala? Som nemnt skal dyrevelferd vurderast ut frå det enkelte individet. Dyrevelferd kan målast på ein skala frå svært dårleg til svært god. Figuren viser ulike grader av velferd og tydinga av velferd på ulike nivå. Graden av velferd påverkar evna og viljen til dyret til læring, prøving og feiling. Slike eigenskapar er viktige for at dyret skal fungere godt i miljøet sitt.

Skala som framstiller ulike grader av dyrevelferd. Nøytral tilstand er markert med talet null midt på skalaen. Dårleg velferd ligg til venstre for null langs aksen. God velferd er markert med y til høgre for nøytral tilstand. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gradar av dyrevelferd

Dersom dyrevelferda ligg ved 0-punktet, er dyret i ein nøytral tilstand, som betyr at det ikkje har noko negative stimuli og heller ingen udekte behov. Dyret har då fått oppfylt dei grunnleggjande behova sine som mat, vatn og ly, og det har ingen sjukdom, skade eller vonde kjensler.

Viss velferda er dårleg, til dømes på X, er målet å kome nærare 0-punktet. Men ved 0-punktet er likevel ikkje dyrevelferda så god som ho kan bli. Ho kan bli endå betre ved å føre dyrevelferda lenger til høgre mot god dyrevelferd, til dømes til Y. Meistring handlar om kor store svingingar i dyrevelferda eit dyr kan tole. I figuren er dette vist ved at X og Y kan variere innanfor dei raude eller grøne pilene. Jo større svingingar eit dyr toler, desto betre er meistringsevna til dyret.

Positiv forventning

Hovudpoenget med ein slik skala er at ein kan måle dyrevelferd frå svært dårleg til svært god, og det er ikkje nok å fjerne alle dårlege miljøfaktorar. Ein må òg ha nokre positive faktorar som gir dyra glede.

Hane og høne på vagle. Foto.

Viss derimot velferda konstant er langt til høgre, til dømes på Z, kan dyret bli bortskjemt ("laurdag heile veka"), og keisemd kan oppstå, sjølv om velferda eigentleg er god. Dyr treng utfordringar som dei greier å meistre. Dyret treng òg positive forventningar, der dyret får signal om at det vil kome til å få eit gode, til dømes at eigaren snart skal gå tur med hunden.

Den optimale dyrevelferda kan seiast å vere ein slags "adventstilstand", som barn i adventstida. Ein gleder seg til noko og har forventningar om det som kjem. Når dyret har ei slik positiv forventning, skal du ikkje gi dyret premien med ein gong. Vant heller, så forlengjer du den positive forventninga dyret har. Men ventar du altfor lenge, kan dyret bli frustrert.

Optimalisering av dyrevelferd

I tillegg til å oppfylle grunnleggjande behov kan ein optimalisere livet til dyret ved å tilby miljøberikingar. Dette kan vere rotemateriale (halm) til grisepurker før dei skal føde, pinnar og ballar å leike med, sosiale forhold og sosial omgang, oppgåveløysing for å få mat/godbitar og liknande.

Katt som balanserer på gjerdestolper, fremre bein og bakbein på hver sin stolpe. Foto.

Å miljøberike inneber å oppfylle eit naturleg behov hos dyret ved å tilby noko som svarer til eller etterliknar element ved det naturlege livet til dyret. Griser liker å rote med trynet i jorda, høns liker å sitje på pinne om natta, kattar kvesser klørne sine, og kaninar liker å gnage. Då er det viktig å tilfredsstille desse behova ved å tilby tilgjengelege objekt, situasjonar, miljø og sosiale forhold som oppmodar til slik naturleg åtferd.

Forsking

Etologar og andre som jobbar med dyreåtferd og dyrevelferd, kan utarbeide forsøk som gir dyr moglegheiter til å vise eigne ønskjer, behov og val ut frå den noverande situasjonen sin. Dette kan innebere valmoglegheiter, der tid nytta på eit alternativ gir ein god indikasjon på kva dyret føretrekkjer.

Gris som pratar. Foto.

Slike undersøkingar og forsking krev nøyaktig planlegging og gode rammer. Eit døme på slik forsking er liggeunderlag til ku. Tida ei ku nyttar på å liggje på anten betong, madrass eller halm, seier noko om kva slags liggeunderlag ho føretrekkjer, og mange like forsøk kan gi ein indikasjon på kva kyr føretrekkjer generelt.

Fysiske målingar

Dyrevelferd kan òg målast gjennom måling av stress ved undersøking av hjarterytme, utandingsluft og hormon i blodet. Det er viktig å vite at ikkje alt stress er negativt, og eit kortvarig høgt stressnivå kan til dømes auke konsentrasjonen og skjerpe læringsevna (til dømes idrettsprestasjonar, eksamen og å snakke framfor store forsamlingar for oss menneske).

Langvarig eller kronisk stress kan derimot føre til at dyret lettare blir sjukt, får redusert evne til å takle nye situasjonar og utfordringar, aggresjon eller at dyret sluttar å reagere på omgivnadene. Måling av stress på denne måten kan bidra til forståing av tolegrensene og behovet til dyr for oppfylling av naturleg åtferd.

Refleksjonsoppgåve

  1. Diskuter kva det vil seie at "I alt dyrehald fjernar du nokre fridommar og gir andre." Kva kompromiss må du inngå i dyrehalda dine? Kva fridommar gir du? Kva fjernar du?
  2. Kva for nokre fysiske stressmålingar kjenner du til frå eiga erfaring?
  3. Korleis heng miljøberiking saman med dyrevelferd? Korleis kan du miljøberike for dyra dine?
  4. Kvifor er det ikkje nok å redusere negative faktorar i dyrevelferd?
  5. Set opp ei oversikt over negative og positive velferdsfaktorar for eit valt individ.
  6. Gi døme på korleis du kan måle dyrevelferd.

Relatert innhald

Dyrevelferdsloven inneholder bestemmelser om hvordan mennesker skal behandle dyr.

CC BY-SASkrive av Foreningen Norske Etologer, Hanne Amundsen, Randi Helene Tillung og Ingrid Resell. Rettshavar: Foreningen Norske Etologer
Sist fagleg oppdatert 27.02.2023

Læringsressursar

Dyrevelferd