Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til miljøberiking

Vi skuldar dyra våre å gi dei gode og spennande miljø i dyrehalda våre. Bli god på å tilby dyr miljøberiking.
Gibbon som heng i ei grein. Han et frukt som han må plukke ut av eit nett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1 – Utforsk berikingsidear

Sjå ein film på YouTube som handlar om . Gode søkeord: "environmental enrichment", "zoo enrichment", "farm enrichment", "enrichment toys for animals", "animal enrichment", "canine enrichment", "feline enrichment", "equine enrichment", "swine enrihment", "cow enrichment", "poultry enrichment".

Kva slags type miljøberiking er utført? Kva art/artar er berikinga meint for? Kva åtferder vart stimulerte med denne aktiviseringa? Diskuter kvaliteten på berikinga og kva type beriking det er.

Oppgåve 2 – Gjennomfør miljøberiking

Gjennomfør miljøberiking for eit dyr. Kva type miljøberiking har du gjort? Kva for nokre nye åtferder viste dyret? Viste dyret større åtferdsrepertoar? Kor mykje tid nytta dyret på berikinga?

Oppgåve 3 – Beskriv stereotypiar i dyrehald

Søk på YouTube etter videoar med og unormal åtferd i fangenskap. Tips til søkeord: "stereotypic and abnormal behaviour", "overgrooming and selfmutilation", "pacing and circling", "cribbing and weaving".

Sjå filmen og beskriv kva stereotypiar du ser. Kva trur du at ikkje er dekte? Kan stereotypien skade dyret på kort eller lang sikt? Korleis ville du ha endra miljøet for å få fram meir naturleg åtferd hos dyret?

Oppgåve 4 – Observer stereotypiar i dyrehald

Beskriv det du ser. Mål gjentakingar over tid. Kor stor del av døgnet gjer dyret stereotypien? Finst det merkar i miljøet av stereotypien, slik som opptråkka stiar, bitemerke, merke på veggane?

Kva åtferdsbehov trur du at ikkje er dekte? Kan stereotypien skade dyret på kort eller lang sikt? Korleis ville du ha endra miljøet slik at du får fram meir naturleg åtferd hos dyret? Kva er gjort i dyrehaldet for å hjelpe dyret til å meistre miljøet betre?

Oppgåve 5 – Lovgiving

Kva seier dyrevelferdslova, forskrifter eller rettleiarar om stimulerande miljø?

Styresmaktene stiller til dømes krav om strøbad, vagle og reir til verpehøns. Kva krav til beriking, innreiing og miljø står i forskrifter om velferd for dei artane du jobbar med?

CC BY-SASkrive av Randi Helene Tillung.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2020

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver for dyrefagarbeidaren