Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Utferd til dyreklinikk

Ei utferd til venterommet på ein dyreklinikk kan vere ein god måte å lære på. Vi kan lære om språket til dyr, om utforming av inngangsparti og venterom, om etikette på dyreklinikken og om korleis ein kan førebu dyr betre på transport og klinikkbesøk.
Hund føres inn i dyreklinikk av veterinærassistent. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I øvinga skal vi ha fokus på hund. Hund er den vanlegaste gjesten på dyreklinikkar. Andre artar kjem i bur til klinikken, og det gjer dei vanskelege å observere.

Førebuingar

Før reise bør du ha gått gjennom stoff om

  1. innreiing av inngangsparti og venterom
  2. språket til hunden
  3. transport av hund

Ta ein samtale om kva som er spesielt for venterom på dyreklinikkar. Døme på tema er at mange artar er samla, dyra kan ha dårlege minne og vere redde, dyra kan vere sjuke, nyopererte eller på annan måte sårbare, dyreeigarar kan vere i sorg, det kan overførast smitte mellom dyr, og dyra har lita moglegheit for å utøve naturleg åtferd og unngå uønskte møte.

Snakk om kva forventingar de har til utforming av inngangsparti og venterom. Sjå gjennom døma frå denne dyreklinikken.

Inngangsparti – døme frå ein dyreklinikk

Venterom – døme frå ein dyreklinikk

Har nokon sett nokre smarte løysingar? Korleis såg det ut? Døme på tema kan vere skiljeveggar, storleik, støy, lys, utstyr, underlag, godbitar, oversikt, rutinar, gangareal for inn og ut, soner og lufteområde. Diskuter gjerne òg fordelar og ulemper ved å ikkje ha venterom, men resepsjonsluke på yttervegg og tilgjenge rett til behandlingsrom.

Gå gjennom fagstoff om språket og ansiktsuttrykket til hunden. Ukjent link tekst

Ta ein prat om korleis ein hundeeigar best kan førebu hunden på transport med bil eller kollektivtransport. Stikkord er trening, bur, premiar og godbitar, lufting, underlag i buret, sikkerheit og sikring av hunden i bil, feromon, utstyr og positive besøk på klinikken utan at hunden har time.

Praktiske ting

Ring klinikken for avtale. Pass på at det er når det er forventa kundar.

Mengde bør tilpassast storleiken på venterommet. Nokre venterom er så store at dei kan ta i mot 8–10 observatørar.

Ver førebudde med noko å notere på. Gjer ein avtale om kva de noterer på – mobil eller ark.

Hugs at på ein klinikk skal ein vere diskret. Kundane skal ikkje føle seg observerte, og ein skal ikkje snakke om kundane slik at dei eller andre høyrer det. Flytt deg rundt i lokalet. Ikkje ta opp plass som kundane skal ha. Legg yttertøy og sekkar i ein bil eller på eit rom.

Ikkje ta kontakt med nokre dyr. Snu deg vennleg bort dersom hundar helser på deg, og hald hendene inntil kroppen.

Ikkje ta bilete. Husk òg at du skal overhalde teieplikta som om du arbeidde på klinikken.

Oppgåve

Set av ein klokketime til observasjon av inngangsparti, resepsjon, venterom og butikk.

  • Observer åtferd hos hundane. Døme er kropp, rørsler, om dei et godbitar, skjelving, røyting, flassing, pesing, lydar, hovud- og øyrerørsler, halen, bust på ryggen, spatelforma tunge, tungeslikk, gjesping, om du kan sjå det kvite på auget og om han er raudsprengt i blikket, store pupillar, om han strammar musklane i ansiktet, vender hovudet bort frå andre, løftar ein frampote og har bekymringsrynker.
  • Legg merke til åtferda til hundeeigaren og samspelet med hunden. Bidreg hundeeigaren til å skjerme hunden sin frå andre? Bidreg hundeeigaren til at andre ikkje blir forulempa av eigen hund? Følgjer hundeeigaren godt med på hunden sin? Er dei sensitive for ønska til hunden? Eller ber dei kanskje hunden sitje når han helst vil stå oppreist, klar til flukt?
  • Legg òg merke til åtferda til dei tilsette. Kanskje dei lukkar dører mjukt og snakkar og går på ein måte som unngår å skremme dyra? Kanskje dei gir godbitar og lèt hunden helse på dei?
  • Sjå på inngangspartiet. Kva finst utanfor? Kvar blir hundane lufta? Kan du enkelt sjå om det er ein hund på den andre sida av døra? Er det skilt om forventa reglar? Er døra lett å opne når du har noko i hendene?
  • Sjå på venterommet. Er det sett fram godbitar? Har vekta eit sklisikkert underlag? Kan ein skjerme hunden? Kan kattebur setjast høgt? Finst det soner for ulike artar? Kan ein velje ulike ruter for å transportere dyra gjennom? Blir det trengsel framfor resepsjonen?

Ta notat undervegs.

Set av tid til slutt der de kan samle alle og gå gjennom kva kvar enkelt observerte. Gå gjennom kvart enkelt spørsmål til innleveringa, slik at det er god moglegheit for å notere detaljar og supplere det de har skrive. Snakk om kva som fungerte godt, og kva som kunne vore endra. Korleis kunne utstyr og innreiing vore utforma for å minske stress for hundar og andre artar? Korleis kan dyreeigarar bidra til å redusere stress hos dyr?

Innlevering

  1. Lag ei liste over åtferder du observerte på hundane.
  2. Lag ei liste over råd for å førebu hundar på transport.
  3. Gi døme på korleis gode inngangsparti bør vere utforma.
  4. Gi døme på korleis gode venterom bør vere utforma og utstyrte.
  5. Lag ei liste med minst fem råd til hundeeigarar om "Korleis opptre i venterom".
  6. Beskriv kort ei dårleg oppleving med besøk hos veterinær eller dyrepensjonat. Kom med fem forslag til korleis besøket kunne vorte betre.

Relatert innhald

Ved å kjenne att stressignal i ansiktet til dyr kan du bli betre på å fremje dyrevelferd, tryggleik og sikkerheit.

CC BY-SASkrive av Randi Helene Tillung.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2020

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver for dyrefagarbeidaren