Hopp til innhald

Fagstoff

Ansiktsuttrykk hos hund

Ved å kjenne igjen stressignal i ansiktet til dyr kan du bli betre på å fremje dyrevelferd, tryggleik og sikkerheit.
Avslappa hund. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Clara vart funnen i eit skogholt då ho var 9–10 veker gammal, og hadde inga erfaring med menneske. Når dyr blir lite sosialiserte i ung alder, vil dei ha auka frykt for menneske seinare. I biletserien ser vi Clara under eit veterinærbesøk der ho viser mange signal på stress og frykt.

Førre gong Clara var hos veterinæren, vart ho kastrert, og ho måtte dermed forlatast av eigaren. Påkjenninga av inngrepet og det å bli forlate gjer at ho har dårlege minne frå veterinærbesøk. Eigaren bestemde seg for å gjere det beste ut av ein dårleg situasjon og valde ta bilete for opplæring.

Akkurat å få sett sprøyter er ikkje det verste. Eigaren fortel at det som stressar Clara mest, er å vere i ein bygning der ho må vere nær framande menneske og hundar. Det å bli halde fast og handtert tett av dyrehelsepersonellet er aller mest utfordrande. Eigaren tok med eit kjent teppe og godbitar som distraksjon. Clara tok imot godbitar under heile veterinærbesøket og viste ingen aggresjon.

Kva ser du på bileta?

Legg merke til om musklane er anstrengde eller avslappa i heile ansiktet. Kva med rynker som er danna av muskelspenningar? Legg merke til forma på auga. Sjekk storleiken på pupillane. Legg merke til forma til tunga og kor open munnen er. Sjå på korleis øra blir haldne. Legg merke til fasongen til kroppen og om ryggen blir halden krum. Sjekk rynker ved munnvikene. Sjå etter bekymringsrynker over og under auga. Gjer hunden eit tungeslikk? Sluttar han å ete godbitar? Et han saktare? Rører han seg saktare? Flassar eller røyter han? Skjelv han, trykkjer seg mot eigar eller gøymer seg? Lagar han lyder?

Ansiktsuttrykket

Munnen og tunga

Øyra

Kroppen

Clara – hos veterinæren og heime

Samanlikning av to portrett av same hund. På første bilete er hunden stressa, på andre bilete er hunden avslappa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikn på at Clara føler seg trygg, er at ho ligg med bakbeina til sida og ho har smilerynker i munnviker og under auga. Vi kan ikkje sjå noko av det kvite i auga, øyra og tunga er slapp og uanstrengt og auga er mandelforma.

Kvifor må du ha kompetanse om språket til hunden?

Sjølv menneske utan erfaring kan sjå om hundar er lei seg, glade eller sinte. Vi treng likevel å øve oss på å sjå mikrosignala. Dei fleste ser ikkje tungeslikk, pesing, flassing og røyting eller at hunden ikkje lenger vil ete godbitar.

Når du skal handtere og arbeide med dyr, er det viktig å følgje med på språket til dyret av fleire grunnar.

  • Du vil tidlegare kunne justere di eiga åtferd, slik at dyret blir tryggare.
  • Du vil minske sannsynet for at dyret skadar seg sjølv eller stikk av.
  • Du minskar sannsynet for at dyret får dårlege minne og blir vanskelegare å handtere neste gong.
  • Dyret opplever at mikrosignal har kommunikativ verdi, og vil derfor ikkje måtte skru opp styrken på signala.
  • Du fremjar dyrevelferd.
  • Du kan forhindre skadar på deg sjølv, kollegaer eller andre personar.
  • Du minskar bruk av tvang.
  • Du bidreg til å ta vare på HMS på arbeidsplassen din.
  • Du bidreg til betre økonomi på arbeidsplassen din fordi de kan vere færre personar som handterer dyret, du får færre skadar og bruker mindre tid.
  • Du bidreg til betre økonomi fordi du beheld dyreeigarar. Den viktigaste grunnen til at dyreeigarar skiftar bedrift, er at dyret deira blir skremd eller ikkje trivst.
  • Du vil lære mykje om kommunikasjon og åtferd, bli betre på handtering og få ein betre arbeidskvardag.

Ein måte å bli god på å tolke kroppsspråk på er ved å sitje ein time på venterommet til ein dyreklinikk. Observer og noter det du ser.
Sjå forslag til øving i artikkelen Utferd til dyreklinikk.

Relatert innhald

CC BY-NCSkrive av Randi Helene Tillung.
Sist fagleg oppdatert 15.04.2020

Læringsressursar

Biologien og opphavet til dyra