Oppgåve
Oppgåve – kartlegg åtferdsrepertoar og åtferdsbehov hos dyr
Bli god på å tolke åtferdsbehovet og velferda til dyr, slik at du kan tilby dei gode levemiljø og miljøberiking.
Kartlegg naturleg åtferdsrepertoar hos ein vald dyreart.
- Korleis skaffar arten seg næring i naturen?
- Kor lang tid bruker arten normalt på å leite etter mat, arbeide med maten og ete han i naturen?
- Korleis jaktar arten?
- Kor mykje tid bruker han på å gøyme seg for rovdyr, og korleis gjer han det?
- Korleis gjer han kroppspleie, og kor mykje tid bruker han på det?
- Kva forskjellar er det mellom kjønna i kva dei bruker tid på?
- Kor mykje tid bruker arten på kvile og rørsle?
- Kvar søkjer dyret ly?
- Korleis er døgnrytmen?
Bruk nettressursar om arten din og lag ei oversikt over åtferdsrepertoar og åtferdsbehov. Tenk òg gjennom om åtferdene og behova er artsspesifikke eller knytte akkurat til det individet du vel.
Slik kan du finne ut kva dyret har potensial for og betre forstå åtferdsbehov i fangenskap. Gjer samanlikningar. Til dømes bruker griser i det fri gjerne 8 timar om dagen på å ete, medan dei berre bruker 10–15 minutt i fangenskap.