Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utferd til dyrebutikkar – profil og kvalitet

Dyrebutikkar har ulike profilar. Nokre rettar seg mot mange artar, mens andre berre mot hund og katt. Nokre har merkevarer, mens andre har ulike kvalitetar. Nokre har lagerinnreiing, mens andre har designmøblar. Ikkje alle dyrebutikkar har dyreavdeling. I oppgåva skal du samanlikne nokre butikkar.
Akvarium med fisk og planter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du skal besøke nokre dyrebutikkar og vurdere desse. Nokre svar finn du ved å sjå sjølv, andre ting må du spørje beteninga om. Samanlikn butikkane og peik på forskjellar og likskapar. Du skal ikkje berre liste opp fakta for kvar enkelt butikk, men vurdere dei mot kvarandre.

Om du berre kan besøke ein butikk, nyttar du han for å vurdere. Du kan òg samanlikne nettbutikkar dersom du tolkar spørsmåla.

Om du reiser til butikken med heile klassen eller eit parti, bør de avtale dette på førehand. Ver diskré i butikken, og ta omsyn til tilsette og kundar. Avtal intervju med tilsette på førehand.

Oppgåve 1: Profilen og særpreget til butikken

  1. Vurder plasseringa til butikkane for kundane. Sjå på tilkomst, om det er sentralt eller avsides, om det er parkering i nærleiken. Korleis er tilgjengelegheita?
  2. Er det lett å finne butikkane? Er skiltinga dit god, finst det kart eller ei vegbeskriving dit?
  3. Kva inntrykk gir butikkane innvendig? Er det god plass eller trongt, er det oversiktleg eller rotete, er det gode reolar, god belysning? Verkar det støvete, eller er det gamle og falma varer? Er det plantning og flotte utstillingar? Er det tiltalande? Virke det dyrt eller billeg?
  4. Korleis er profilen til butikkane på vareutval? Sjå spesielt på hundprodukt. Sel dei først og fremst merkevarene eller har dei inne mange ulike kvalitetar? Korleis er prisane?
  5. Kven trur du er målgruppa når det gjeld kundar med hund? Har dei bil? Har dei god inntekt? Har dei brukshundar eller utstillingshundar? Har dei spesielle interesser? Er butikken tilknytt noko anna, slik som ein veterinærklinikk?
  6. Ville du ha handla her? Kvifor eller kvifor ikkje?
  7. Kva særpregar butikkane? Sjå spesielt på hundprodukt.
  8. Finn du nokre rare hundprodukt? Beskriv produkt og reflekter over kvifor eit slikt produkt har vorte til. Kva behov dekkjer det?
  9. Foreslå to forbetringar for kvar butikk. Kva skal til for at du skal komme tilbake og handle?

Oppgåve 2: Dyreavdelingane (viss butikkane har dette)

  1. Samanlikn utstillingane av dyra. Vurder

    • om dyreavdelinga er tiltalande, rein og ryddig
    • om kundane har god plass
    • informasjon om dyra. Veit kundane kva dei kjøper?
    • om belysninga er god
    • utval av dyrearter/individ
  2. Vurder dyrevelferda i dyrebutikkane.

    • Har dyra god nok plass?
    • Er gruppesamansetjinga god?
    • Er dyra vane til å bli handterte/er dei sosialiserte og verkar tillitsfulle?
    • Har dyra kjent opphav?
    • Er dyra friske?
    • Får dyra riktig fôr?
    • Har dyra normal åtferd?
    • Korleis er dyra plasserte i forhold til kvarandre?
    • Korleis er reinhaldet i bura?
    • Er innreiinga og bura tilpassa arten?
  3. Kva trur du er inntrykket til kunden av dyreavdelingane?
  4. Foreslå to forbetringar for dyreavdelinga.

Oppgåve 3: Yrket

  1. Kva går ein vanleg arbeidsdag ut på for dei tilsette? Avtal gjerne å spørje ein tilsett.
  2. Kva kompetanse må ein ha for å arbeide i dyrebutikk?

Filer

CC BY-SASkrive av Randi Helene Tillung.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2020

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver for dyrefagarbeidaren