Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er dyrevelferd?

Dei fleste ønsker at dyr skal ha det godt. Dette gjeld både kjæledyr, husdyr og anna dyrehald i samfunnet. Men kva er eigentleg dyrevelferd? Og korleis kan vi avgjere om eit dyr har det godt eller ikkje? Kva krav stiller dyrevelferdslova til dyrehaldet?
Ein hund sleiker ei jente i ansiktet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omgrep

Det er mange uttrykk som blir nytta i samband med dyrehald, mellom anna dyreomsorg, dyrevern, etisk dyrehald og dyrevelferd. Desse omgrepa blir ofte nytta litt om kvarandre, men dei har ulike definisjonar og betyr ikkje det same i dagens bruk og forståing av velferdsomgrepa for dyr.

Dyreomsorg vart først nytta i landbruket, der hensikta var å auke medvitet hos bønder og andre om at det er viktig å behandle dyra godt i alle delar av husdyrproduksjonen, frå fjøs til slakteri. Omgrepet dyreomsorg blir sjeldan nytta når ein snakkar om korleis dyra skal behandlast.

I staden kan det nyttast i samband med evna og viljen ein dyreeigar har til å vise omsorg for dyr. Skjøner bonden seg på behovet til grisen, og vil han ta omsyn til dette?

Dyrevern, eller dyrebeskyttelse, inneber tradisjonelt å verne dyr mot mishandling, vanskjøtsel og liding. Dyrevernslova av 1974 handla hovudsakleg om at dyra skulle vernast, med vekt på minstekrav til husdyrhaldet. I dag blir ordet dyrevern mest nytta som samleomgrep for ulike typar engasjement der formålet er å forsvare interessene til dyra eller jobbe for rettane deira.

Kriterium og definisjonar av dyrevelferd

I 1965 gav den engelske Brambellkommisjonen ut ei omfattande utgreiing av omgrepet dyrevelferd og oppsummerte den ideelle velferda i form av "dei fem fridommar" for dyr:

  • fridom frå svolt, tørst og feilernæring
  • fridom frå unormal kulde og varme
  • fridom frå frykt og stress
  • fridom frå sjukdom og skade
  • fridom til å utøve normal åtferd

Brambellkommisjonens fem fridommar er ikkje ein definisjon på dyrevelferd, men gir viktige kriterium på kva god dyrevelferd omfattar. Den mest kjende definisjonen på dyrevelferd er denne, laga av den engelske professoren Donald M. Broom i 1986: "Dyrevelferd er dyrets tilstand med hensyn på dets forsøke på å mestre sitt miljø."

Med andre ord: om dyret har det bra, nøytralt eller dårleg er eit resultat av korleis det taklar miljøet det lever i. Miljøet dyret lever i, består av ei rekke faktorar:

Etologigruppa ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet endra i 2004 litt på Brooms definisjon: Dyrevelferd er individets subjektive oppleving av den mentale og fysiske tilstanden sin som følge av forsøket dets på å meistre miljøet sitt. Det nye i Etologigruppas definisjon er at ein legg vekt på korleis det enkelte dyret opplever situasjonen sin, både psykisk og fysisk.

Korleis føler dyret seg eigentleg her og no? Det er ikkje nok at veterinæren, biologen eller bonden meiner at denne grisen bør ha det bra, viss grisen likevel lir.

Då Landbruks- og matdepartementet foreslo den nye dyrevelferdslova for Stortinget i 2009, skreiv dei at dei var samde i denne definisjonen (Ot.prp. nr. 15 (2008-2009), Om lov om dyrevelferd). Det betyr at denne definisjonen ligg til grunn for lova og korleis ein skal forstå lovparagrafane.

Dyrevelferd handlar først og fremst om korleis menneske behandlar dyr og legg til rette for dyrehaldet. Likevel gjeld dyrevelferdslova òg for viltlevande dyr. Eit skadd rådyr har òg dårleg dyrevelferd, og menneske har plikt til å hjelpe dyr som lir, anten dyret er tamt eller vilt.

Ein rein som spring i lyngen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For ville dyr er dyrevelferd spesielt viktig under fangst og jakt, for å unngå skadeskyting og unngå å skremme dyra unødig. Ein må òg ta omsyn til dyrevelferd når ein møter ville dyr eller nyttar dyr i forsking (til dømes ved merking av dyr der dei blir fanga og blir igjen slopne ut etter registrering).

Her er ein meir presis definisjon av dyrevelferd: "Dyrevelferd er individets subjektive opplevelse av sin mentale og fysiske tilstand som følge av dets forsøket på å mestre sitt miljøet."

Tre sider ved dyrevelferd

Den tredelte figuren under viser tre ulike sider, eller dimensjonar, ved dyrevelferd, og korleis dei overlappar kvarandre. Alle tre sider gir viktige bidrag til å forstå dyrevelferd fullt ut og kva vi må ta omsyn til når vi legg til rette dei fysiske og sosiale miljøa til dyret.

Biologisk funksjon

Den biologiske funksjonen til ein art inneber mange moment, men for husdyrhald og dyrevelferd er det viktig å ha fokus på god helse, normal åtferd og høg reproduksjon. Desse heng saman med kvarandre, og helsestatusen til dyret kan gjenspeglast i åtferda til dyret og evne til å formeire seg. Vi kan sjå dårleg velferd gjennom unormal åtferd for arten, nedsett evne til å få avkom og dårleg helse. Tidlegare var det dette ein vektla når ein vurderte velferda til eit dyr, men i dag er ikkje dette nok.

Naturleg liv

Naturleg liv handlar om kvar ein art naturleg held til, og kva slags miljø han trivst i (biotop). Åtferdsrepertoaret til den aktuelle arten inneber alle dei ulike åtferdene dyra utfører og som er naudsynte for å overleve, utvikle seg og fungere i ei sosial gruppe. I husdyrhaldet vårt er det sjeldan mogleg å oppfylle alle normer for naturleg liv hos ein gitt art. Derfor blir det viktig å tilpasse levetilhøva slik at dyret i høgast mogleg grad får moglegheit til å utføre den naturlege åtferda til arten sin.

Ung kvinne gir eit lam mjølk fra ei tåteflaske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viss det er viktige, naturlege åtferder dyret ikkje kan utføre, som til dømes å stelle pelsen eller ha ein positiv sosial kontakt med andre dyr, kan dette vere negativt for produksjonen (husdyr) og trivselen hos dyret. Det kan føre til stress, åtferdsforstyrringar og at dyret lettare pådreg seg sjukdommar. Dyrevelferda vil derfor vere betre jo meir naturleg miljø dyret lever i, og jo større variasjon i åtferd dyret viser. Dette er tema som særleg blir vektlagte innan økologisk husdyrhald.

Subjektiv oppleving

Nærbilete av gris. Foto.

Dyrets subjektive oppleving inneber hovudsakleg emosjonane/kjenslene til individet og korleis det opplever sitt eige liv og situasjon. Den subjektive opplevinga inneber følelsesmessige reaksjonar på hendingar, andre dyr eller menneske, miljø, vêr, høge lydar, forandring i rutine eller liknande. Den subjektive reaksjonen kan vere ulik frå individ til individ sjølv om situasjonen kan vere lik. Som vi har sett ovanfor, inngår dette i den moderne definisjonen av dyrevelferd.

Dyrevelferd er avhengig av kva vi måler velferd opp mot, og kva vi legg i betydinga av dyrevelferd. Les meir om korleis vi måler dyrevelferd i artikkelen Forståelse og vurdering av dyrevelferd.

Relatert innhald

Dyrevelferdsloven inneholder bestemmelser om hvordan mennesker skal behandle dyr.

CC BY-SASkrive av Hanne Amundsen og Randi Helene Tillung. Rettshavar: Foreningen Norske Etologer
Sist fagleg oppdatert 25.05.2020

Læringsressursar

Dyrevelferd