Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Det fysiske miljøet i fjøset

Det fysiske miljøet vi gir dyra, har innverknad på dyrevelferd. I denne oppgåva skal du observere og vurdere det fysiske miljøet i fjøset.
Kalvar i fjøs. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Undersøk innreiinga i fjøset

Innreiinga påverkar kvardagen til eit dyr, og du skal kunne vurdere om innreiinga er tilpassa dyra.

Det kan gå ut over trivselen dersom til dømes båsskilja er sette opp i feil høgde, om det stikk ut skarpe kantar, eller viss det er unødvendige plankar/stolpar i fjøset. Den lettaste måten å vurdere om innreiinga er tilpassa dyra eller ei, er å observere dyra.

Korleis gjer du det i praksis?

Del 1 – observer dyra

Vel ut tre kyr og sjå etter unormalitetar på kvart dyr.

Sjå på dyret på avstand. Studer dyret frå nasen til haletupp, inkludert bein, jur og under magen. Sjå etter følgjande på heile dyret:

  • hevelsar
  • sår/rifter
  • hårlause parti
  • andre unormalitetar

Gå deretter heilt nær dyret og sjå etter det same som nemnt over. Skriv opp nummeret på kua og det du finn.

Del 2 – observer sjølve innreiinga

Dersom innreiinga ikkje er riktig tilpassa, vil dyra ofte gni borti ho. Det er dette som då kan gi sår og slitasje på dyret. På innreiinga kan dette vise seg i form av til dømes slitne område som gjerne er blanke. Det kan òg hende det heng att hårtustar på skarpe delar.

Blankt metall på ei stong i fjøsinnreiing, målinga er sliten vekk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gå ein runde i lausdrifta (hugs å vere systematisk) og sjå etter følgjande:

  • skinnande metall
  • hår som sit fast i innreiing
  • skruar, boltar, unødvendige stålbjelkar
  • glatte golv
  • øydelagde liggjematter

Oppgåve 2: Vurder kvalitet på flis

Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er viktig å ha kunnskap om den flisa ein vel å bruke, då kyrne nyttar store delar av dagen på å liggje og drøvtyggje i liggjebåsane på liggjematter med flis. Hugs at ei vaksen NRF-ku veg over 550 kg, og at det lett blir gnissingar mellom utsette parti som hase og kne mot underlaget. Ein kan enkelt teste om flisa ein nyttar til å strø bingen med, er skarp, mjuk, hard eller liknande.

Test flisa med handbaktesten og beskriv kvaliteten.

Korleis gjer du det i praksis?

Handbaktesten: ta ein liten neve med flis og legg oppå handbaken din (altså baksida av handa). Ta den andre handa di og gni handbak mot handbak.

Oppgåve 3: Vurder kvalitet på liggjeunderlag

Opne bilete i eit nytt vindauge

Liggjeunderlaget er like viktig som strø for liggjekomfort. Ved å ta knetesten på båsmatta kan du få eit innblikk i kor hardt/mjukt liggjeunderlaget er.

Vel deg ut ein liggjebås i lausdrifta og ein liggebås i ungdyravdelinga. Test liggjeunderlaget ved hjelp av knetesten og beskriv underlaget.

Korleis gjer du det i praksis?

Knetesten: stå rett opp og ned på liggjematta. Fall ned på knea. Beskriv korleis dette kjennest: Hardt? Mjukt? Korleis ser liggjematta ut? Er ho sliten?

Oppgåve 4: Vurder lyset

Lys er svært viktig for helse og trivsel for dyra våre. Lyset har i tillegg mykje å seie for fruktbarheita (at dei kjem i brunst). For storfe er ein tommelfingerregel at dersom ein kan lese avisa på fôrbrettet, er det tilstrekkeleg med lys.

Du må kunne bedømme om det er nok lys i fjøset. Det kan du gjere ved å ta ei avis og sjekke om du kan lese avisa i ulike delar av fjøset. Beskriv om det var enkelt eller vanskeleg å lese avisa.

Korleis gjer du det i praksis?

Ta ei avis og set deg på fôrbrettet. Bedøm kor enkelt/vanskeleg det er å lese avisa. Hugs at du må lese avisa i den høgda kua har auga sine.

Vel deg ut to andre stader i fjøset der du synest det er mørkt, og les avisa. Bedøm òg lysmengda her etter kor lett/vanskeleg det er å lese avisa.

Oppgåve 5: Mål vasskapasitet

Drikkekar til storfe der vatnet fløymer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vatn er livsviktig for dyra. Der fleire dyr går saman, må vi altså vite både om det er nok vasskar til alle dyra, og om det kjem nok vatn ut av sjølve drikkekaret. Dette blir kalla vasskapasitet.

Du må kunne bedømme om det er stor nok vasskapasitet i eit drikkekar. Spør dei som jobbar i fjøset, om kva som skal vere riktig vasskapasitet for små og store drikkekar. Sjekk vasskapasiteten på to drikkekar.

Korleis gjer du det i praksis?

  • Du treng ei 10 liters bytte og ei stoppeklokke.
  • Sett bytta under drikkekaret.
  • Hald flottøren inne (den delen som gjer at vatnet renn ut i drikkekaret) slik at drikkekaret blir fylt.
  • I det vatnet renn over drikkekaret og ned i bytta, startar du stoppeklokka. Pass på at alt vatnet renn ned frå drikkekaret og opp i bytta.
  • Når bytta er full, stoppar du klokka.

Skriv ned kva drikkekar du sjekka, og tida vasskaret brukte på å fylle opp bytta.

Rekn ut vasskapasiteten. Gi opp svaret i liter per minutt.

Stemmer oppgitt vasskapasitet med målt vasskapasitet? Er det nok vasskapasitet til dyra?

Dokumentasjon

Du kan dokumentere oppgåvene i desse arka:

Filer

Les meir om krav til fysisk miljø på Mattilsynet si temaside om storfe.

Relatert innhald

Korleis kan vi avgjere om eit dyr har det godt eller ikkje? Kva krav stiller dyrevelferdslova til dyrehaldet?

CC BY-SASkrive av Hanne Amundsen.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020

Læringsressursar

Dyrevelferd