Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Film om biosikkerheit

Biosikkerheit er tiltak som hindrar introduksjon og spreiing av smittsame sjukdommar, framande artar og genmodifiserte organismar. I denne oppgåva skal du lage ein film om biosikkerheit.
Smågris på talle. Foto.

Tips: Før du planlegg filmen, er det lurt å lese artikkelen om biosikkerheit.

Lag ein film der du presenterer biosikkerheit i ei dyreavdeling. Dette kan vere ei av dyreavdelingane på skulen eller ein stad du er utplassert.

Finn ut:

  • Kva tiltak finst i dag?

  • Er det nokre tiltak du meiner kan tilførast eller forbetrast?

Tips

Du kan filme med mobilkamera og redigere i eit filmredigeringsprogram.

Eit alternativ til å filme er å ta bilete og setje desse inn i ein PowerPoint-presentasjon. Deretter kan du lage ei filmfil der du viser presentasjonen og les inn manus.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Bente Elisabeth Ryen.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2022

Læringsressursar

Dyrevelferd