Hopp til innhald

Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1)

Akvakultur

Oppdrettsnæringa har hatt ei rivande utvikling sidan ein først starta med lakseoppdrett i slutten av 1960-åra. No vert produksjonen driven med avansert teknologi og krev høg kompetanse. Oppdrettsfisk er ei av Noregs viktigaste eksportartiklar, og ein leverer til mange internasjonale marknader.

Artar i oppdrett

Dei fleste knyter fiskeoppdrett til laks, den arten det vert drive mest oppdrett på i Noreg. Men både kveite, torsk og piggvar er aktuelle artar. Vi får kjøpt blåskjel frå oppdrett i butikkane, og det vert drive forsøk med kamskjel, kråkebollar og krepsdyr. Det vert stadig forska på nye artar.

Læringsressursar

Artar i oppdrett