Førelesing og presentasjon
Skjel og skaldyr
Det er ikkje berre fisk det blir drive oppdrett på i Noreg. Langs heile den langstrekte norskekysten kan du finne oppdrett av skjel og skaldyr, slik som blåskjel, kamskjel og hummar.
Blåskjel lever langs norskekysten. Ville blåskjel kan fangast og etast, men det blir òg produsert store mengder blåskjel i oppdrett. Her kan du lære meir om biologien til blåskjelet.
Kamskjel omfattar fleire artar som lever langs norskekysten. Kamskjel som blir selt, er som oftast villfanga, men det blir drive noko oppdrett av kamskjel for utsetjing. Her kan du lære meir om kamskjel.
Hummaren er både kardinalen i havet og kannibalen i havet. Lær meir om hummar her.