Hopp til innhald

Fagstoff

Oppdrett av marine fiskeartar

Laks og aure er dei store oppdrettsartane i Noreg, men det blir òg drive noko oppdrett på marine fiskeartar som torsk, kveite, piggvar og steinbit. Lær meir om oppdrett av marine fiskeartar!
Torsk med svart bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi skil mellom marin fisk og anadrom fisk. Anadrom fisk, som laks og sjøaure, lever livet som vaksne i sjøen, men vandrar tilbake til elvene for å gyte. Marin fisk er derimot fiskeartar som lever heile livet i sjøen.

Torsk

Torsken finst langs heile norskekysten og har historisk vore ein viktig fisk for folket langs kysten. Det har vorte gjort forsøk på å ale opp torsk sidan 1990-talet.

Klekking

Torskerogna klekkjer etter ca. 90 døgngradar. Nyklekte larver lever av plommesekken i dei første dagane før startfôringa må byrje. På grunn av storleiken må torsken startfôrast på levande fôr. Etter kvart som han blir større, kan torsken gå over på tørrfôr.

Sjøutsett

Tidspunktet for sjøutsett varierer. Nokon vel å vente til torsken er ca. 50 gram, mens andre vel å setje ut mindre fisk. Torsken har vekstperioden sin i merdar i sjø, slik som laksen. Kva torsken skal nyttast til, bestemmer kor stor han bør vere når han skal slaktast.

Visste du ...

... at torsken kan bli 20 år gammal?

Vil du vite meir?

Kveite

Flyndrefisk sym like over sandbotnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kveita er ein flyndrefisk som finst langs heile norskekysten. Kveitefiske har lange tradisjonar i Noreg, og han vart verdsett som ein heilag fisk under vikingtida. Kveita kan vekse seg frykteleg stor, og ei ho kan bli opptil 3,5 meter lang og 300 kg tung!

Klekking

Stamfisken blir halden i kar med flat botn, anten innandørs eller utandørs. Det å få kveita til å gyte i fangenskap er ein vanskeleg prosess, men lykkast det, kan ei stor kveite gyte over éin million egg. Etter klekking er larvene ca. 6–7 mm, og dei har ein stor plommesekk som dei får næring frå i over 40 dagar før startfôringa må setjast i gang. Kveita, slik som fleire av dei andre marine fiskeartane, blir startfôra på levande fôr.

Matfiskfase

Når kveita blir klekt, sit dei to auga på kvar si side av kroppen. Etter kvart som ho veks seg større, vil derimot eitt av auga flytte seg, slik at begge auga sit på same side. Kveita må få riktig fôr for at auga skal vandre på denne måten, og for at fisken skal få riktig farge. Matfiskfasen i kveiteoppdrett kan gå føre seg på land eller i sjø. Fleire ting bestemmer kor stor kveita bør vere når ho blir slakta, mellom anna etterspurnad og ønska til slakteria.

Visste du …

… at rovfiske førte til at kveitebestanden vart betydeleg redusert på 1930-talet, og at bestanden framleis ikkje har kome seg?

Vil du vite meir?

Piggvar

Ein bitte liten flyndrefisk som nesten er gjennomsiktig. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Piggvar er ein flyndrefisk som er vanleg langs norskekysten nord til Lofoten. Piggvaren kan bli opptil 25 kg og har eit kvitt og fast kjøt som mange reknar som ei delikatesse. Piggvaren er relativt varmekjær og lever av botnlevande organismar.

Startar med levande fôr

Piggvarlarva er veldig liten – ikkje meir enn tre millimeter lang! Ho et fort opp plommesekken sin, og vi må raskt byrje startfôringa. Vi klarer ikkje å lage ein fôrpellet som er liten nok til piggvarlarva. Derfor må ho bli startfôra på levande fôr. Piggvaren blir stort sett oppdretta i kar på land og er slakteklar etter 2–2,5 år.

Visste du …

… at piggvaren òg blir kalla "havfasan" i enkelte land?

Vil du vite meir?

Steinbit

Ein lang, kraftig fisk med stort hovud, vi skimtar store tenner i munnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Noreg har vi tre steinbitartar: gråsteinbit, flekksteinbit og blåsteinbit. Flekksteinbiten er mest robust og veks fortare enn dei andre artane, derfor er han mest aktuell å drive oppdrett på. I naturen lever steinbiten i dei nordlegaste delane av Atlanterhavet, og han trivst i temperaturar frå 10 gradar og nedover. Steinbiten kan vege så mykje som 25 kg og lever hovudsakleg av botnlevande organismar.

Klekking

Stamfisken blir kjønnsmoden i tre- til femårsalderen. Steinbiten blir stroke som laksen, og etter befruktning blir rogna lagd i klekkebakker. Rogna blir klekt etter heile 900–1000 døgngradar, noko som stiller spesielle krav til stabile miljøforhold. Steinbityngelen har allereie ved klekking ete opp mesteparten av plommesekken, og han er raskt klar til å bli startfôra.

Fôring

Steinbiten er den einaste marine fisken i oppdrett som er stor nok til å kunne bli startfôra på tørrfôr. Etter ein vekstperiode på ca. fem månader vil steinbiten vere klar til å bli levert som matfisk. Steinbit blir ala opp i lengdestraumrenner der vatnet kjem inn i den eine enden og renn ut i den andre. Etter omtrent tre år har fisken vorte fem kilo og slakteklar.

Visste du ...

... at steinbiten feller tennene om vinteren?


Vil du vite meir?

CC BY-SASkrive av Maia Hoff.
Sist fagleg oppdatert 25.11.2020

Læringsressursar

Artar i oppdrett