Hopp til innhald

Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1)

Akvakultur

Oppdrettsnæringa har hatt ei rivande utvikling sidan ein først starta med lakseoppdrett i slutten av 1960-åra. No vert produksjonen driven med avansert teknologi og krev høg kompetanse. Oppdrettsfisk er ei av Noregs viktigaste eksportartiklar, og ein leverer til mange internasjonale marknader.

Fôring av oppdrettsfisk

Fôret er ein av de største kostnadene i eit oppdrettsanlegg. Derfor er det viktig å bruka rett fôr og å fôra rett. Fôret må innehalda dei næringsstoffa fisken treng. Storleiken på bitane må passa til storleiken på fisken, og fôret må delast ut i passande porsjonar.

Læringsressursar

Fôring av oppdrettsfisk