Hopp til innhald

Fagstoff

Fôring av fisk

Fôr er den største utgifta vi har når vi skal produsere fisk. Vi må derfor ikkje fôre meir enn fisken et, men samtidig nok til at han veks maksimalt. Overfôring er dessutan til skade for miljøet.
Symjande atlanterhavslaks. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vekst hos fisk

Fisk er vekselvarme dyr. Det vil seie at kroppstemperaturen varierer med omgivnadene. Ein tommelfingerregel kan vere at kroppstemperaturen til fisken er om lag to gradar varmare enn vatnet han sym i. Dette kjem av at aktiviteten i fiskekroppen produserer litt varme.

Vekselvarme dyr veks raskare ved høge temperaturar – det er då fisken har høgast tilvekst. Det er likevel ei øvre grense for kor varmt vatnet kan bli før fisken trivst dårleg og får ein lågare tilvekst. Eitt av problema med høg vasstemperatur er at det blir for lite oksygen i vatnet. Veksttabellar kan gi ein peikepinn på kva ein kan forvente av tilvekst ved ulike temperaturar og fiskestorleikar.

Optimal temperatur

Dei fleste fiskar kan leve i både relativt kalde og varmare vasstemperaturar, men alle artar har ein temperatur dei trivst best i, og der dei utnyttar energien i fôret og veks hurtigast. Dette kallar vi den optimale temperaturen.

Nokre optimale temperaturar:

  • lakserogn: 8 °C
  • startfôring laks: 12 °C
  • vaksen laks: 12–16 °C
  • torsk og kveite: 10–14 °C
  • piggvar: 18–20 °C
  • flekksteinbit: 7–8 °C
Ein mann framfor fleire skjermar driv overvaking på oppdrettsanlegg. Den eine skjermen er svart, på den andre ser vi ein fiskestim under vatn og på den tredje er det ulike grafar og målingar. Ei oppslegen skrivebok ligg på pulten. Vi ser snøkledde fjell og merdar i sjøen gjennom vindauget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Temperaturkontroll

Appetitten til fisken er avhengig av temperaturen. Derfor er det viktig å kjenne temperaturen i vatnet for å vite kor mykje fôr vi skal gi fisken.

Mange anlegg har kontinuerleg overvaking av temperaturen i kar eller merdar, mens andre måler temperaturen manuelt kvar dag. Endringar i vasstemperaturen kan bety at det er endringar i vasstraumen. Det er òg viktig å følgje med på endringar over fleire dagar og over fleire veker.

Fôrmengde

Vi må fôre etter appetitten til fisken, som altså i stor grad blir styrt av temperaturen i vatnet. Men òg andre forhold som stress, ugunstig miljø eller sjukdom kan påverke kor mykje fisken et. Røktaren må derfor følgje nøye med. Dette blir gjerne gjort ved hjelp av kamera i merdane som sender bilete til ein datasentral, men òg ved at røktaren sjølv studerer fisken i kar og merdar. Røktaren må kjenne den normale åtferda til fisken og kunne oppdage avvik.

Vi kan rekne oss fram til eit overslag over kor mykje fôr fisken treng i løpet av ein dag. For å berekne dagleg fôrmengde treng vi å vite kor effektivt fisken klarer å nyttiggjere seg fôret han får (fôrfaktoren). Viss ein laks har ein fôrfaktor på 1,10, betyr det at han må ete 1,10 kg fôr for å leggje på seg 1 kg. Får fisken for lite fôr, vil han vekse dårleg, medan overfôring er kostbart og lite miljøvennleg.

Fôret

Fiskefôret har form som pellets i ulike storleikar. Jo større fisk, jo større bitar. Fôr til yngel består av små korn som vi kallar granulat.

I tillegg til å ha riktig samansetjing av næringsstoff må fôret òg ha riktig konsistens. Det må ikkje søkke for fort, men gå gjennom vassmassane slik at fisken rekk å ete det.

Fôr finst i sekkar av ulike storleikar. På matfiskanlegg kan fôrleverandørar levere med båt og fylle fôret rett i siloar på flåten, slik som på denne filmen.

Fôr har avgrensa lagringstid, då det inneheld mykje feitt som kan harskne.

Næringsstoff i fôr

Det er næringsstoffa i fôret som får fisken til å vekse. Som hos mennesket er proteina viktige byggjesteinar for musklar og anna vev, og feitt gir energi. Fôr må derfor innehalde rikeleg med fullverdig protein. Feittet i fiskefôret må vere umetta.

Den naturlege føda til fisk er andre fiskar og dyr, og dei et lite karbohydrat. I fiskefôr nyttar vi litt karbohydrat som bindemiddel. Fôret må òg innehalde nok vitamin og mineral.

I fôret til laks og aure, som skal vere raude i kjøtet, er det òg tilsett fargestoffet astaxantin. Vill fisk får i seg fargestoff ved å ete krepsdyr.

Levande fôr

Yngel av kveite og torsk er avhengig av levande fôr i starten. Dette fôret blir dyrka i eigne tankar på anlegget, eller det kan òg kjøpast ferdig.

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Eli Skoglund.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2017

Læringsressursar

Fôring av oppdrettsfisk