Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rekneoppgåve – fôring av oppdrettsfisk

Bruk formlane og fila med vekttabell for laks for å løyse desse rekneoppgåvene.
Bøtte med fiskefor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formlar til oppgåva

Formel

Biomasse

Den totale vekta av all fisk i ein merd/eit kar. Blir vanlegvis gitt opp i tonn.

 Biomasse=talet  fisk·snittvekt                                   

Snittvekt

Den gjennomsnittlege vekta på ein fisk i ein merd/eit kar. Blir vanlegvis gitt opp i kilo eller gram.

Snittvekt=biomasse   totalt tal  fisk i merden/karet                                 

SGR

Forventa dagleg tilvekst. Blir vanlegvis gitt opp i prosent (%).

Dagleg tilvekst

Det fisken veks i løpet av ein dag.

Dagleg tilvekst=biomasse·SGR    100                                   

Fôrfaktor (FF)

Mengda fôr eit dyr må ete for å vekse éin kilo.

Fôrfaktor=fôr (kg)   fisk (kg) eller tilvekst (kg)                                 

Dagleg fôrmengde

Mengda fôr ei gruppe med fisk treng i løpet av eit døgn, gitt opp i kilo.

Dagleg fôrmengde=biomasse·SGR·FF   100 

Her finn du eit døme på korleis ein veksttabell for laks kan sjå ut.

Filer

Oppgåve 1. Biomasse og dagleg tilvekst

  1. I ein merd er det 167 000 laksar med snittvekt 4,6 kg. Kva er biomassen i denne merden?
  2. Kva er forventa dagleg tilvekst i denne merden dersom SGR er 0,49?

Oppgåve 2. Biomasse og dagleg tilvekst

  1. I ein merd er det 180 000 laksar med snittvekt 3,5 kg. Kva er biomassen i denne merden?
  2. Bruk biomassen frå a) og rekn ut SGR når FF er 1,08 og du fôrar ut 3 400 kg fôr i denne merden. (Bruk formelen for dagleg fôrmengde som utgangspunkt.)
  3. Kva er forventa dagleg tilvekst i denne merden?

Oppgåve 3. Dagleg fôrmengde

  1. Det er 8 ℃ i vatnet og biomassen i merden er 570 000 kg. Kor mange kg fôr skal denne merden ha dersom fisken veg 1,9 kg og fôrfaktoren er 1,14? (Bruk veksttabellen for å finne SGR.)
  2. Kor mange kg fôr skal denne merden ha dersom fisken veg 4,5 kg?
CC BY-SASkrive av Maia Hoff.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2023

Læringsressursar

Fôring av oppdrettsfisk