Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Øv deg på administrative oppgåver

Administrativt arbeid er ein sentral del av jobben til ein helseservicearbeidar. Det finst mange ulike typar oppgåver innan dette området, og her skal du få øve på nokre av dei administrative oppgåvene du kan møte i dei ulike yrka.

Introduksjon

Før du tek til med oppgåvene, bør du lese artikkelen "Posthandtering, journalføring og arkiv" og sjå rettleiingane om "Reglar for oppsett av formelle brev" og "Korleis skrive ein profesjonell e-post?".

Skriv ein profesjonell e-post med rett signatur

Du jobbar som helsesekretær ved Helseklinikken AS. Ein pasient har sendt ein e-post der hen spør om opningstidene og korleis hen kan bestille time. Du skal svare profesjonelt og med korrekt signatur.

  1. Skriv eit e-postsvar til pasienten. Hugs

    • korrekt og tydeleg informasjon om opningstider og timebestilling

    • profesjonelt språk utan skrivefeil

    • høfleg helsing

    • rett signatur (namn, stilling, kontaktinformasjonen på klinikken)

  2. Når du er ferdig med å skrive, kan du sende e-posten til ein medelev for gjennomlesing og tilbakemelding.

  3. Etter tilbakemelding frå medeleven din kan du eventuelt forandre på e-posten før du sender han til læraren din.

Formelle brev

1. Skriv formelle brev

Skriv fire formelle brev med utgangspunkt i dei følgande situasjonane:

  1. tannlegekontor: påminning om kontrolltime til ein pasient

  2. sjukehus: epikrise (kort oppsummering etter sjukehusopphald) til fastlege

  3. apotek: informasjon om dosering og rett bruk av eit legemiddel

  4. legekontor: tilvising til spesialist

Kvart brev skal innehalde:

  • avsendar (helsetenesta, med adresse og telefonnummer)

  • mottakar (pasient eller helsepersonell, med fiktivt namn og adresse)

  • dato

  • passande overskrift for innhaldet i brevet

  • ein kort og realistisk tekst som passar til oppgåva

  • signatur

2. Praktisk oppgåve

  1. Skriv ut breva og brett dei slik at mottakarinformasjonen kjem i vindauget på konvolutten.

  2. Legg breva i konvoluttane.

  3. Sorter konvoluttane i to bunkar:

    • konfidensielle brev

    • ikkje-konfidensielle brev

  4. Kva for nokre av breva kan du opne, og kva for nokre kan du ikkje opne? Grunngi svaret ditt.

Skrive av Therese Lindahl Carlsen.
Sist oppdatert 18.09.2025