Oppgjer for varer og helsetenester

1. Refusjon for eigendel
Gå inn på nettsida til Helsenorge om frikort for helsetenester, og finn ut kva eigendelstaket er for helsetenester i år.
Gå inn på nettsida til Helsenorge om kven som betaler tannlegerekninga di, og finn ut kva typar tannbehandlingar vaksne får dekt heilt eller delvis gjennom Helfo.
2. Finn pris
Som helseservicemedarbeidar kan du måtte informere pasientar og kundar om ulike prisar på forbruksmateriell. Gå inn på nettsida til eit apotek og finn stykkpris på desse varene:
sjølvheftande kompress 6 x 7 cm
kanyle 25Gx 5/8 0,50 x 16 mm
sterile tupferar
kompress Jelonet 10 x 40 cm
sprøyte 1 ml
3. Case-oppgåver
Les artikkelen om kostnader for helsetenester før du gjer oppgåvene under.
4. Sorter helsetenester
I den interaktive oppgåva under skal du plassere ulike helsetenester i rett kategori for eigendel. For kategorien "Pasienten betaler eigendel" reknar vi med at pasienten ikkje har nådd eigendelstaket. Ein tekstversjon av oppgåva er tilgjengeleg under.