Kontorutstyr og medisinsk-teknisk utstyr

Kontorutstyr
Kontorutstyr blir brukt til dokumentasjon, kommunikasjon og administrasjon i helsetenesta. Helseservicearbeidarar bruker pc, skrivarar, telefonar og skannarar, men òg spesialiserte system som elektroniske pasientjournalar (EPJ). Det er nødvendig at vi har god kompetanse i bruk av kontorutstyr for å vareta personvern og sikre nøyaktig dokumentasjon. Feilregistreringar kan føre til feilbehandling av pasientane, og det er derfor viktig med god opplæring og rutinar.
Multifunksjonsskrivar
Ein multifunksjonsskrivar er ein skrivar som kombinerer fleire funksjonar, som kopiering og skanning. Skanning er å digitalisere dokument slik at vi kan arkivere dei eller sende dei som e-post. Nokon har òg høve til å sende og få faks. Ein multifunksjonsskrivar gjer at vi sparar plass, og han forenklar arbeidsflyten ved å samle fleire funksjonar på éin stad.
Elektroniske pasientjournalar (EPJ)
Som helseservicearbeidar vil du bruke ulike journalsystem, avhengig av kvar du jobbar. Desse systema sikrar at helsepersonell har tilgang til nødvendig informasjon for kunne å gi trygg og effektiv behandling. Som helseservicearbeidar har du òg plikt til å registrere informasjon i tråd med dokumentasjonsplikta for helsepersonell.
Telefon
Telefonen er eit viktig verktøy for helseservicearbeidarar. Sjølv om digitale løysingar som timebestilling og reseptbestilling på Helsenorge har teke over for ein stor del av telefonbruken til og frå legekontor, tannlegekontor og apotek, bruker vi framleis telefonen mykje. Arbeidsplassane kan ha ulike telefonløysingar. Nokre har enkle telefonløysingar til innkommande og utgåande samtalar, mens andre har IP-telefonsystem som gir funksjonar som vidarekopling og høve til å setje til dømes ambulanse og lege i konferanse. Som helseservicearbeidar vil du svare på telefonar frå pasientar, kundar og samarbeidspartnarar. Som portør vil du ofte bruke ein mobiltelefon eller ei handhalde eining til å få og stadfeste oppdrag.
Makulering
Ei makuleringsmaskin er ei elektrisk eining som øydelegg dokument ved å kutte dei opp i smale strimlar som gjer dei umogelege å lese. Papirstrimlane blir samla i ein behaldar inne i maskina. På denne måten kan vi verne pasientopplysningar og sensitiv informasjon.
Medisinsk-teknisk utstyr
Medisinsk utstyr er apparat som blir brukte til å undersøke, overvake og behandle pasientar. Dette kan vere enkelt utstyr som febertermometer og blodtrykksmålarar eller meir avansert teknologi som EKG-apparat på legekontoret eller behandlingseiningar på tannlegekontoret. Utstyret gjer det mogleg å overvake tilstanden til pasienten og oppdage sjukdom. Til dømes kan blodtrykksmåling og EKG avdekke teikn på hjarte- og karsjukdom. Rett bruk og vedlikehald av medisinsk utstyr er viktig for å unngå feil og sikre nøyaktige målingar.

Blodtrykksapparat
Det finst både manuelle og automatiske blodtrykksapparat. Som helseservicearbeidar bør du kunne bruke begge. Ved manuell blodtrykksmåling bruker du eit stetoskop til å lytte på armen til pasienten. Slik registrerer du overtrykket, der du begynner å høyre pulsslaga og undertrykket der pulsslaga stansar. Eit automatisk blodtrykksapparat pumpar opp mansjetten automatisk og viser verdiane på ein skjerm.
EKG-apparat
EKG-apparatet registrerer dei elektriske signala i hjartemuskulaturen. Apparatet blir brukt for å vurdere funksjonen til hjartet og for å oppdage og følge opp ulike hjartetilstandar. Elektrodar blir festa til overkropp, handledd og anklar, slik at vi får fram ei grafisk framstilling, eit elektrokardiogram, som legen tyder.
Utstyr for pasientnære analysar
På legekontoret blir analysar utførte på ulike instrument i laboratoriet mens pasienten er på legekontoret. Det kan vere CRP-apparat som viser om det er teikn på infeksjon i kroppen, eller blodsukkerapparat som måler blodsukkerverdien. Det finst òg analyseapparat for automatisk avlesing av urinprøvar. Dette er vanlege laboratorieanalysar som blir utførte på eit legekontor, og instrumenta gir raske prøvesvar slik at pasienten kan komme i gang med eventuelt behandling.
Hjartestartar
Hjartestartar er eit berbart apparat som ved hjelp av to elektrodar som blir klistra på brystet, kan gi eit eller fleire straumstøytar gjennom hjartet ved hjartestans.
Røntgenapparat
På tannlegekontora blir ulike røntgenapparat brukte til å avbilde tenner, vev og kjevebein som ikkje er synlege på vanleg undersøking. Det er viktig at røntgenapparat blir brukt i tråd med gjeldande strålevernsreglar for å sikre både pasient og personale.
Unit
Ein standard unit på eit tannlegekontor er ei behandlingseining som består av behandlingstol med røntgenapparat, digital skjerm og ei utstyrseining til instrument som tannlegen bruker til behandlingar og undersøkingar.
Utfordringar til deg
Korleis trur du bruk og vedlikehald av kontorutstyr og medisinsk-teknisk utstyr kan bidra til pasientsikkerheit og kvalitet i helsetenesta?
Kva journalsystem kjenner du til? Gi døme frå helseserviceyrka.
Kva konsekvensar kan feil bruk av kontorutstyr og medisinsk-teknisk utstyr få?