Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Administrativt arbeid i helseservice

I denne filmen (lengde 4:57) møter vi Anders i rolla som helsesekretær ved eit legekontor. Han fortel om arbeidsoppgåvene sine, og vi får bli med han i pasientmøte i resepsjonen og når han utfører administrative oppgåver på legekontoret.
Video: AVIA / CC BY-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Kva for nokre administrative oppgåver utførte helsesekretæren i filmen?

  2. Kva for nokre administrative oppgåver kjenner du til i det yrket du vil utdanne deg til?

  3. Kva inneber det å ta imot pasientar på ein profesjonell måte?

  4. Korleis vart pasienten teken imot, og kva la du merke til ved måten helsesekretæren kommuniserte på?

  5. Korleis kan helsesekretæren bidra til betre arbeidsflyt på legekontoret?

  6. Kvifor er det viktig å registrere og dokumentere alle opplysningar korrekt?

Skrive av Vigdis Haugan og Siv Stai.
Sist oppdatert 27.11.2025