Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Kan du bruke hurtigtastane?

Som helseservicearbeidar vil du jobbe på pc med tastatur. Bruk av hurtigtastar bidreg til å førebygge belastning fordi det reduserer behovet for å bruke musepeikaren. Dessutan jobbar du meir effektivt.

Hurtigtastar

Hurtigtastar er tastar eller tastekombinasjonar som gir deg høve til å gjere noko du elles ville gjort med ei mus. Nokre program kan ha ulike hurtigtastar og talkombinasjonar. Det er ulike hurtigtastar for pc og Mac, derfor kan du velje ein av delane når du skal jobbe med denne oppgåva.

Hurtigtastar for pc

Ctrl + C = kopier det markerte innhaldet

Ctrl + X = klipp ut det markerte innhaldet

Ctrl + V = lim inn det kopierte/utklipte innhaldet

Ctrl + Z = angre siste handling

Ctrl + Y = gjenta siste handling

Ctrl + A = vel alt innhald i eit dokument eller vindauge

Ctrl + S = lagre dokumentet

Ctrl + P = skriv ut

Ctrl + F = uthev markert tekst med feit skrift

Ctrl + K = uthev markert tekst med kursiv

Ctrl + U = understrek markert tekst

Windows + L = lås skjermen

Hurtigtastar for Mac

Command + C = kopier det markerte innhaldet

Command + X = klipp ut det markerte innhaldet

Command + V = lim inn det kopierte/utklipte innhaldet

Command + Z = angre siste handling

Command + A = vel alt innhald i eit dokument eller vindauge

Command + S = lagre dokumentet

Command + F = søk i dokumentet

Command + B = uthev markert tekst med feit skrift

Command + I = uthev markert tekst med kursiv

Command + U = understrek markert tekst

Command + control + Q = lås skjermen

Øv deg på hurtigtastar

Bruk tekstfila under når du jobbar med interaktiv oppgåve A eller B. Last ned fila til datamaskina di og opne ho. Etterpå gjer du oppgåve A viss du bruker Word på pc, eller oppgåve B viss du bruker Word på Mac.

Oppgåve A. Hurtigtastar i Word på pc

Oppgåve B. Hurtigtastar i Word på Mac

Skrive av Kathrine Synnøve Karlsen.
Sist oppdatert 05.11.2025