Kostnader for helsetenester

Utgifter i helsetenestene
Det er viktig at du som helseservicearbeidar forstår kva utgifter pasientar og kundar kan få når dei oppsøker helsehjelp. Kostnadene varierer etter type behandling og om tenesta er offentleg eller privat.
I Noreg er helsetenestene ein del av velferdsstaten og blir finansiert gjennom tilskot frå stat, fylke og kommune. Private helsetenester kostar ofte meir enn offentlege tenester fordi dei private behandlingsstadene ikkje får den same økonomiske støtta. Viss eit privat sjukehus eller lege- eller tannlegesenter har avtale med det offentlege, gjeld dei same reglane for utgiftsdekning som for offentlege helsetenester.
Driftskostnader
I tillegg til sjølve behandlinga er det òg mange andre kostnader knytte til drift av helsetenestene. Dette kan vere utgifter til lokale, straum, reinhald, teknisk utstyr, sterilisering av instrument og innkjøp av medisinsk forbruksmateriell som hanskar, munnbind, bandasjar og sprøyter. Slike kostnader påverkar òg prisane, særleg i privat sektor, fordi alle utgiftene må dekkast inn gjennom betaling frå kundar og pasientar.
Folketrygda
Folketrygda er ei trygdeordning i Noreg som gir oss økonomisk støtte og hjelp dersom vi blir sjuke, gravide, uføre, arbeidsledige eller pensjonistar. Alle som bur eller arbeider i Noreg, har rett til ytingar frå folketrygda. Folketrygda blir finansiert gjennom trygdeavgift, ein lovpålagd skatt som alle personar med inntekt må betale, saman med arbeidsgivaravgift og tilskot frå staten.
Folketrygda bidreg til at helsetenester blir tilgjengelege for alle. Det betyr at vi ikkje treng å bekymre oss for kostnadene ved legebesøk eller sjukehusinnlegging, fordi vi berre betaler ein eigendel for dei fleste helsetenester.

Helfo og refusjonsordninga
Refusjon betyr å få tilbake pengar for noko du har betalt for. Helfo (Helseøkonomiforvaltninga) er ein underetat av Helsedirektoratet. Dei har ansvar for å utbetale refusjonar for helsetenester som er utførte.
Legekontor, tannlegekontor og apotek må ha avtale med Helfo om direkte oppgjer for å kunne krevje refusjon for varer og tenester. Verksemdene sender inn spesifiserte oppgjerskrav digitalt gjennom eit datasystem. Helfo kontrollerer krava for å sikre korrekt utbetaling av midlane frå folketrygda. Dersom verksemda ikkje har ein slik avtale, pliktar ho å informere pasienten om dette på førehand. Pasienten må då sjølv dekke alle utgiftene til behandling.
Refusjonsordninga inneber òg at pasientar kan få dekt helseutgifter gjennom Helfo. I utgangspunktet er ikkje forbruksmateriell dekt av det offentlege, men dersom personar har til dømes kroniske sår eller fistlar, kan dei søke om å få dekt medisinsk forbruksmateriell, bandasjar og reseptfrie legemiddel. Ved kroniske hudlidingar kan det bli gitt refusjon av utgifter til kremar, salvar og oljar. Pasientar kan få refusjon for utgifter til reiseutgifter til og frå behandling. Dette kan ein òg søke refusjon for i etterkant.
Helfo har òg ansvar for eigendelordninga og frikortordninga.
Eigendels- og frikortordninga
Eigendel er den delen av kostnaden for ei helseteneste som pasienten eller kunden sjølv må betale, resten blir dekt av det offentlege. Dette gjeld til dømes legebesøk, fysioterapi, psykologtimar eller reseptbelagde medisinar. Pasientar betaler eigendelar opp til eit fastsett maksimumsbeløp i løpet av eit år, det såkalla eigendelstaket. Eigendelstaket forandrar seg frå år til år. Etter at pasienten har betalt dette beløpet, får dei automatisk frikort og betaler ikkje meir eigendelar det kalenderåret.
Legar, behandlarar og andre tenesteytarar må sende inn opplysningar om godkjende eigendelar til Helfo minst annakvar veke. Desse eigendelane blir då registrerte på personen det gjeld. Skulle det vere slik at nokon har betalt meir enn eigendelstaket, får dei automatisk refundert (tilbakebetalt) det dei har betalt for mykje. Når ein pasient eller kunde får frikort, blir dette registrert automatisk i journalsystema på apotek og legekontor. Det er likevel viktig å vere klar over at ikkje alle behandlingar eller legemiddel går på eigendel eller frikort.
Unntak frå eigendelsordninga
I tillegg til personar med frikort er det nokre grupper av befolkninga som ikkje betaler eigendel for helsetenester:
barn under 16 år
innbyggarar med godkjend yrkesskade
personar med minstepensjon har fritak frå å betale eigendel på medisinar, næringsmiddel og medisinsk forbruksmateriell
barn under 18 år for tannhelsetenester

Berekning av kostnader
Når du skal berekne kostnader, treng du som helseservicearbeidar kunnskap om kva pasienten eller kunden skal betale. Viss ein pasient har frikort, må du vite kva som blir dekt og ikkje dekt av frikortet. Det er systemet som verksemda bruker, som reknar ut kva pasienten eller kunden skal betale. Under følger ei lita oversikt over kva du treng kunnskap om for å berekne kostnader i dei ulike yrka.
Apotekteknikar
blåreseptordninga og eigendel
prisforskjellar på ulike legemiddel med same verkestoff. Apoteket pliktar å tilby kunden den rimelegaste medisinen, og dersom kunden ikkje ønsker å byte, må kunden sjølv betale mellomlegget. Lege eller behandlar kan reservere mot byte viss det er ei medisinsk grunngiving.
ulike prisar på same type produkt i sjølvvalet
Helsesekretær
prisar på ulike timekonsultasjonar og eigendelar
prisar på ulike typar materiell som bandasje, injeksjonar og medisinsk utstyr til til dømes spirometri og EKG
kven som ikkje skal betale eigendel
kva som blir dekt av frikort
prisar på kontorrekvisita og forbruksmateriell som er nødvendig for å drifte ein helseinstitusjon
Portør
Som portør må du ha kunnskap om pasientreiser for å kunne informere pasientar om kostnader ved til dømes transport til og frå behandlingar.
Tannhelsesekretær
kostnader for ulike konsultasjonar (og kva som inngår i kostnadene)
kven som ikkje skal betale for tannbehandling
kva som blir dekt av frikort, heilt eller delvis
prisar på kontorrekvisita og forbruksmateriell som er nødvendig for å drifte ein helseinstitusjon
Betaling
Når ein pasient skal betale, blir betalinga administrert gjennom datasystemet for verksemda. I datasystema er det eigne kodar eller takstar for diagnosar, prosedyrar og undersøkingar som er utførte.
Det kjem stadig nye betalingsløysingar på marknaden. På legekontor og sjukehus er betalingsterminalar ved disken og kontantbetaling i stor grad erstatta av sjølvservicesystem som betalingsautomatar og kontaktlaus betaling på mobil, som Vipps og lenker til betaling gjennom sms. Mange stader tilbyr òg faktura. På apoteka betaler kundane kontant eller med kort.
Oppgjer
Verksemder som tek imot betaling for sal av varer eller helsetenester, må òg ha kasseoppgjer. Kasseoppgjer er ein dagleg gjennomgang av registrerte sal og betalingar. Har ei verksemd ein betalingsautomat, er òg kasseoppgjer ein del av tenesta verksemda har kjøpt. På apotek blir kontantbeløpet talt opp og kortterminalar blir avstemde utom opningstida. Kassene skal ha ein viss sum i kontantar ved opningstid kvar dag, resten blir samla opp som bankinnskot.
Utfordringar til deg
Kvifor er det viktig for ein helseservicearbeidar å ha kunnskap om kostnader og eigendelar?
Kva er forskjell på eigendel og refusjon?
Kvifor trur du vi har ei frikortordning?