Kunstig intelligens i helsevesenet

Film om kunstig intelligens i framtidas helsetenester
I filmen (lengde 2:50) i lenka under møte du professor Robert Jenssen frå Universitetet i Tromsø. Han fortel om korleis kunstig intelligens kan hjelpe legar med å tolke prøveresultat og stille rette diagnosar.
Film: Kunstig intelligens i fremtidens helsetjenester. VitenTV.
Spørsmål til filmen
Korleis blir kunstig intelligens forklart i denne filmen?
Nemn to av døma på bruk av KI frå filmen.
Forklar korleis kunstig intelligens kan vere nyttig i helsetenestene.
Kunstig intelligens i yrket ditt
Vel eit av helseserviceyrka apotekteknikar, helsesekretær, tannhelsesekretær eller portør for å utforske bruken av kunstig intelligens der.
Bruk internett til å finne konkrete døme på bruk av kunstig intelligens i det yrket du har valt. Forklar korleis dei bruker KI allereie i dag.
Vel eitt av døma på bruken av KI som du fann i oppgåve 1.
Skriv ned to konkrete fordelar med bruk av kunstig intelligens, og forklar korleis bruken av KI er ei forbetring.
Skriv ned minst to utfordringar, og forklar kvifor desse kan bli krevjande.
Kva kan desse fordelane og utfordringane komme til å bety for deg i det framtidige yrket ditt?
Beskriv korleis du trur KI kjem til å påverke helsevesenet og yrket ditt i framtida. Tenk kritisk, og trekk fram både fordelar og ulemper ved kunstig intelligens med tanke på
kvaliteten på helsehjelpa som blir gitt
tidsbruk og effektivitet
pasientsikkerheita
personvernet
Presenter funna dine
Lag ein presentasjon som oppsummerer det du har funne ut av om bruken av KI innanfor det yrket du har valt. Bruk KI til å generere eit bilete av ein helseservicearbeidar som utfører ei arbeidsoppgåve slik du trur det kan sjå ut i framtida.
Vel ei av desse presentasjonsformene:
munnleg presentasjon
plakat
digital presentasjon
kort fagtekst
Presenter funna dine for resten av klassen.
Diskuter og reflekter i klassen
Lag tre refleksjonsspørsmål om kunstig intelligens i framtidas helsetenester. Læraren samlar dei inn for bruk i ein felles diskusjon og refleksjon i klassen.
Relatert innhald
Bruk av velferdsteknologi i helse- og oppveksttenestene gir mange gevinstar, men òg ein del utfordringar.
Velferdsteknologi kan bidra til auka brukarmedverknad, meistring og sikkerheit for menneske med nedsett funksjonsevne.