Oppgåve
Bruk av digitale ressursar
I helsetenesta blir det brukt digitale ressursar som nettsider, appar og faglege plattformer for å gi informasjon og rettleiing. I denne oppgåva får du øve på å ta i bruk slike ressursar til å gi instruksjon og rettleiing på ein profesjonell måte.

Lag ein instruksjonsvideo
Du jobbar på eit apotek. Ein kunde kjem for å hente astmamedisin, men har aldri brukt det før. Oppgåva di er å gi kunden tydelege og korrekte instruksjonar om rett bruk.

Rettleiing av nytilsett
Du har ansvar for å rettleie ein nytilsett kollega på arbeidsplassen din. Vel arbeidsplass sjølv. Du skal vise korleis ein bruker ein digital ressurs som er relevant i helseservicearbeid, til dømes Felleskatalogen, Helsenoreg, FHI, e-resept, ein helseapp eller nettsider til fagforeiningar og helseorganisasjonar. Du kan bruke mobil, pc eller nettbrett – vel det som passar best.