Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Digitale helsetenester

Digitale helsetenester er digitale løysingar som gjer kommunikasjon og informasjon enklare for pasientar og helsepersonell. Som helseservicearbeidar kan du møte pasientar og kundar som treng rettleiing i korleis dei skal bruke desse.

Digitale helsetenester

Digitale helsetenester er eit vidt omgrep for tenester som bruker digital teknologi for å tilby, organisere og formidle helse- og omsorgstenester. Det inkluderer til dømes elektroniske pasientjournalar for deling av informasjon, video- eller telefonkonsultasjonar med helsepersonell og digitale læringsressursar for sjølvhjelpsverktøy på Helsenorge. Det finst teknologi for fjernovervaking, som 24 timars blodtrykksmåling, og løysingar for digital heimeoppfølging av pasientar. Målet er å gjere helsetenestene meir tilgjengelege og effektive og betre tilrettelagde for pasientar og innbyggarar, slik at dei kan ta meir aktiv del i eiga helse. Tilgjengelegheita av digitale helsetenester varierer frå kommune til kommune og mellom ulike helseføretak.

Norsk helsenett

Norsk helsenett er eit IKT-selskap som leverer digitale helsetenester. Det er eigd av Helse- og omsorgsdepartementet. Norsk helsenett utviklar, forvaltar og driftar nasjonale e-helseløysingar. Målet til Norsk helsenett er at helseopplysningar skal vere tilgjengelege for helsepersonell og innbyggarar. Norsk helsenett står for drifta og utviklinga av Helsenorge, i samarbeid med mellom anna Helsedirektoratet.

Kjernejournal

Kjernejournal er eit nasjonalt system som deler informasjon på tvers i helsevesenet. Her kan helsepersonell sjå dei same opplysningane om pasienten uavhengig av om dei jobbar på sjukehus, legevakt eller hos fastlege.

Digitale ressursar til informasjon og rettleiing

Som helseservicearbeidar kan du møte pasientar og kundar som treng rettleiing i bruk av digitale helsetenester. Då er det viktig at du kjenner til tenestene, og at du òg kan informere om digitale ressursar der pasientar og kundar kan få informasjon og rettleiing.

Helsenorge

Den nasjonale helseportalen Helsenorge tilbyr digitale tenester som gjer kontakten med sjukehuset og fastlege enklare. I Helsenorge-appen kan pasientane logge seg inn og mellom anna sjå sin eigen kjernejournal, sjå og fornye reseptar og bestille time eller e-konsultasjon hos fastlegen sin.

Film: Kontakt fastlegen på Helsenorge

I filmen under (lengde 3:32) kan du lære om korleis du kan komme i kontakt med fastlegen din via Helsenorge.

Bestille time hos fastlegen

På Helsenorge kan ein sjå, bestille eller avbestille timeavtalar hos fastlege, kommunen eller sjukehus. Kven ein kan bestille timar hos, kjem an på om fastlegen, kommunen eller sjukehuset tilbyr dette på Helsenorge.

E-konsultasjon

Ein e-konsultasjon er ei utvida melding ein kan sende til fastlegen. Tenesta er ikkje akutthjelp, men er til for situasjonar som ikkje hastar eller krev fysisk oppmøte. Her kan ein òg ha ein videokonsultasjon.

Reseptar

I appen Helsenorge kan privatpersonar finne ei samla oversikt over reseptane sine. Her finst det òg informasjon om korleis ein kan hente ut og fornye reseptar. Ikkje alle fastlegar tilbyr tenesta "Forny resept" på Helsenorge.

Digitale verktøy på Helsenorge

På Helsenorge er det ei oversikt over digitale sjølvhjelpsverktøy som innbyggarane kan ta i bruk. Verktøya er kvalitetssikra og godkjende av den offentlege helsetenesta. Sjølvhjelpsverktøya er merkte med ulike kategoriar.

Andre døme på digitale helsetenester

Kontinuerleg glukosemåling

Ein kontinuerleg vevsglukosemålar blir ofte berre kalla CGM (continuous glucose monitoring). Dette er eit alternativ til å måle glukose med glukoseapparat der pasienten må stikke seg i fingeren. Sensoren er utstyrt med alarm for høge og låge blodsukkerverdiar, og pasienten stiller inn grensene sjølv. Han består av ein liten sensor som pasienten ber på huda. Denne måler glukoseverdien i vevet kvart femte minutt og sender verdien over til ein mottakar. Verdiane kan bli lesne av med ein avlesar på insulinpumpa eller mobiltelefonen.

Nettapotek

Eit nettapotek er ein nettbutikk der du kan bestille handelsvarer og reseptfrie og reseptbelagde legemiddel og få dei leverte heim til deg. Du bruker det ved å logge deg inn med Bank-ID.

Felleskatalogen

Felleskatalogen er ei oversikt over alle legemiddel som er marknadsførte i Noreg. Han er tilgjengeleg på nett. Der er det òg instruksjonsfilmar og opplæringsmateriell for både helsepersonell og privatpersonar.

Utfordringar til deg

  1. Kva for nokre digitale helsetenester kjenner du til?

  2. Kva fordelar har digitale helsetenester?

  3. Kva ulemper kan digitale helsetenester ha?

Kjelder

Diabetesforbundet. (2025, 25. mars). Hva er kontinuerlig vevsglukosemåler (CGM) eller sensor? https://www.diabetes.no/diabetes-type-1/behandling/insulinpumper-og-sensorer/#section4

Helsedirektoratet. (2025, 16. januar). Kapittel 5.2. Bruk av digitale helsetjenester. I Innbyggerundersøkelsen om digitalisering i helse- og omsorgstjenesten 2024: bruk av, holdninger til og tilfredshet med digitale helsetjenester [Rapport]. https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/innbyggerundersokelsen-om-digitalisering-i-helse-og-omsorgstjenesten-2024-bruk-av-holdninger-til-og-tilfredshet-med-digitale-helsetjenester/funn-og-analyser/bruk-av-digitale-helsetjenester

Helsenorge. (2023, 12. mai). Om Helsenorge. https://www.helsenorge.no/nn/om-helsenorge-no/

Norsk Helseinformatikk. (2021, 10. august). 24‑timers ambulatorisk blodtrykksmåling. https://nhi.no/sykdommer/hjertekar/hoyt-blodtrykk-hypertensjon/24-timers-ambulatorisk-blodtrykksmaling

Norsk Helsenett SF. (u.å.). Alle tjenester. Henta 18. september 2025 frå https://www.nhn.no/tjenester

Relatert innhald

Digital kompetanse og helsetenester

Auka levealder gir høgare risiko for sjukdom og derfor større behov for helse- og omsorgstenester. Korleis kan teknologi bidra til å løyse utfordringane?

Skrive av Kathrine Synnøve Karlsen.
Sist oppdatert 30.10.2025