Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Rettleiing i bruk av digitale tenester

Digitale tenester er ein del av kvardagen til pasientar og kundar. I denne oppgåva skal du utforske korleis digitale ressursar og verktøy kan brukast til informasjon, rettleiing og instruksjon og til å dokumentere eige arbeid.

Utforsk og vurder ei digital teneste i helsetenesta

Vel ei teneste (app, nettside eller plattform) som du vurderer grundig ved hjelp av spørsmåla under.

  1. Beskriv tenesta:

    1. Kva heiter ho?

    2. Kven er ho laga for?

    3. Kva kan ho brukast til?

    4. Kven er ansvarleg for ho?

  2. Vurder tenesta:

    1. Er ho enkel å bruke? Grunngi svaret.

    2. Er informasjonen fagleg korrekt og forståeleg?

    3. Er ho tilgjengeleg på mobil, nettbrett eller pc?

    4. Krev ho innlogging?

    5. Kva pasientgruppe eller brukargruppe kan ha nytte av ho?

  3. Reflekter over bruket i yrket ditt:

    1. Korleis kan du bruke tenesta til å gi informasjon, rettleiing eller instruksjonar til brukarar, pasientar eller kundar?

    2. Korleis kan du forklare korleis tenesta blir brukt, på ein enkel måte?

    3. Kva utfordringar kan brukarar møte når dei bruker tenesta, og korleis kan du støtte dei?

Dokumentasjon av eige arbeid

Reflekter over korleis du kan dokumentere ditt eige arbeid i det framtidige yrket ditt.

  1. Kva for nokre digitale ressursar kan du bruke for å dokumentere eige arbeid i det yrket du har valt å utdanne deg til?

  2. Kva blir dokumentasjonen brukt til i dette yrket?

  3. Kvifor er det viktig å dokumentere arbeidet du gjer?

  4. Kva må du tenke på når du dokumenterer digitalt?

Lag ein instruksjonsvideo

Vel ein av casane frå lista nedanfor. Les nøye kva situasjonen handlar om. Finn relevante digitale ressursar som de kan bruke for å informere/rettleie i dei ulike situasjonane.

Lag ein instruksjonsvideo (to–tre minutt) der de viser trinn for trinn kva de vil gjere for å gi instruksjon/rettleie pasient/brukar i den bestemde situasjonen

Apotekteknikar

Du jobbar som apotekteknikar, og det kjem ein kunde som spør etter eit legemiddel de ikkje har på apoteket. Du vil hjelpe kunden med å finne ut kva apotek som har legemiddelet, og du viser korleis hen kan søke etter legemiddel på ulike apoteksider på nettet. I tillegg ønsker kunden rettleiing i korleis hen kan bestille klargjering av legemiddel og andre varer på apoteket.

Helsesekretær

Du jobbar som helsesekretær, og det kjem ein pasient som skal ut og reise. Hen lurer på kva eit helsetrygdkort er, og korleis hen kan bestille det.

Tannhelsesekretær

Du jobbar som tannhelsesekretær. Eit barn kjem til tannlegekontoret saman med ein føresett. Barnet treng motivasjon for å skape gode vanar med tannpuss, og dei føresette ønsker gode råd om korleis dei kan støtte barnet heime. Du tilrår appar som gjer tannpuss morosamare, viser korleis desse blir brukte, og gir tips til den føresette om korleis dei vaksne kan følge opp.

Portør

Du jobbar som portør, og ein pasient treng hjelp til å tolke ein sms med informasjon om oppmøtestad og -tid. Hen treng òg hjelp til å bruke digital innsjekking på mobil eller på automat.

Skrive av Therese Lindahl Carlsen og Siv Stai.
Sist oppdatert 20.11.2025