Fagstoff
Video
Digitale ressursar i pasientrettleiing
Som helseservicearbeidar har du ansvar for å halde deg fagleg oppdatert slik at du kan gi god og profesjonell service til kundar og pasientar. I denne filmen (lengde 5:03) kan du sjå korleis du kan bruke digitale ressursar for å gi informasjon, rettleiing og instruksjon til kundar på apoteket.
Video: Christina Svien / CC BY-ND 4.0
Utfordringar til deg
Nemn døme frå filmen som viser
informasjon
rettleiing
instruksjon
Kva for nokre digitale ressursar kjenner du til som kan brukast til informasjon, rettleiing og instruksjon for kundar og pasientar? Noter stikkord.
Reflekter over korleis bruk av digitale ressursar kan bidra til god rettleiing for kundar og pasientar.