Offentlege elektroniske helsetenester

Utforsk Helsenorge.no
Helseinformasjon
Bruk denne sida om kvinnehelse på Helsenorge for å kunne svare på spørsmåla under:
Kva informasjon får du om graviditet?
Kva er ein svangerskapskontroll?
Kva er helsekort for gravide?
Vel to ulike kreftformer, og bruk Helsenorge til å finne informasjon. Lag ein tabell med følgande punkt for kvar kreftform:
symptom
undersøking og diagnose
behandling
prognose
Reflekter:
Er det nokre fellestrekk mellom dei to kreftformene du lærte om i spørsmål 2?
Kva er pakkeforløpet for kreft, og korleis går prosessen føre seg?
Finst det andre digitale ressursar som gir informasjon om kreft? Kva for nokre?
Digitale helsetenester
Gå inn på nettsida til Helsenorge.no utan å logge deg inn. Trykk på "meny-knappen" øvst på sida.
Gi tre døme på tenester som blir tilbodne, og forklar med eigne ord kva desse tenestene inneber.
Kva er eit helseregister, og kva blir det brukt til?
Gi døme på tre ulike helseregister som kan vere aktuelt for det framtidige yrket ditt
Korleis legg Helsenorge til rette for framandspråklege brukarar?
Byt fastlege
Gå til tenesta "Byte fastlege" ved å bruke sida Byte fastlege på Helsenorge eller bruk meny-knappen øvst i venstre hjørne.
Kva informasjon får du om fastlegar? (Vel spørsmålsteiknet for å få meir informasjon.)
Kor mange fastlegar er det i kommunen din?
Kva betyr venteliste?
Verktøy
Gå til Helsenorge si side om verktøy.
Kva verktøy blir tilbodne? Gi døme.
Kven kan bruke desse verktøya?
Vel eit verktøy og utforsk det nærare. Finn ut:
Kva blir det brukt til, og kven passar det for?
Kva slags verktøy er det? (app, nettside eller liknande)
Korleis får du tilgang?
Kvifor kan dette verktøyet vere nyttig?
Rettar, helsehjelp og klage
Bruk nettsida til Helsenorge til å finne informasjon om dette:
Kva rettar har pasientar?
Kva rettar har pårørande?
Kva er pasient- og brukarombodet, og kva rolle har det?
Kva kan du gjere dersom du ikkje er fornøgd med behandlinga du har fått?
Diskusjon og refleksjon
Kvifor er det viktig at du som helsepersonell kan bruke offentlege digitale tenester som Helsenorge?
På kva måte kan bruk av Helsenorge bidra til at pasientrettar blir varetekne?
På kva måtar styrker offentlege elektroniske tenester som Helsenorge helsehjelp og kvalitet i helsetenesta?
Kva kan vere utfordringa for menneske som ikkje meistrar digitale løysingar?
Korleis kan du som helsepersonell rettleie andre til å forstå og bruke Helsenorge eller andre offentlege elektroniske tenester for helsehjelp og pasientrettar?