Velferdsteknologi gir fridom - Yrkesliv i helsearbeidarfag (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Film og filmklipp

Velferdsteknologi gir fridom

Velferdsteknologi kan bidra til auka brukarmedverknad, meistring og sikkerheit for menneske med nedsett funksjonsevne. I denne filmen fortel Vetle på 16 år og faren hans om korleis smarthusteknologi og andre hjelpemiddel gjer Vetle meir sjølvstendig og gir han auka fridom i kvardagen.
Video: film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. På kva måte kan velferdsteknologi bidra til meistring, utvikling og god helse?
  2. Kvifor er det viktig at du som fagarbeidar har innsikt i korleis hjelpemiddel, velferdsteknologi og annan teknologi fungerer?
  3. Kva for etiske dilemma kan oppstå i samband med bruk av velferdsteknologi?
Skrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2020