Fagstoff
Video
Hjelpemiddelsentralen
Nav Hjelpemiddelsentral har overordna ansvar i sitt fylke for hjelpemiddel til personar med nedsett funksjonsevne. I denne filmen (lengde 5:50) fortel ein teknikar på hjelpemiddelsentralen om ulike hjelpemiddel, og du møter ein brukar som fortel om kor viktig hjelpemiddel er i kvardagen hans.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0
Utfordringar til deg
Korleis kan hjelpemiddel bidra til meistring og auka livskvalitet?
På kva måtar bidreg hjelpemiddelsentralen til berekraft i helse- og omsorgstenesta?
Korleis kan hjelpemiddel forbetre og effektivisere arbeidsoppgåvene dine som fagarbeidar? Diskuter i klassen.
Relatert innhald
Hjelpemiddel
Alle som har ei eller anna form for nedsett funksjonsevne, anten medfødd eller på grunn av sjukdom eller skade, har krav på nødvendige hjelpemiddel.
Utforsk hjelpemiddel og velferdsteknologi
Utforsk hjelpemiddel og velferdsteknologi. Vurder bruksområde og berekraft og foreslå moglege forbetringar.