Fagstoff
Video
Universell utforming
Universell utforming handlar om utforming og tilrettelegging av fysiske omgivnader slik at flest mogleg har tilgang til heile samfunnet. I denne filmen fortel Vetle på 16 år og fagpersonar frå skulen og helsetenesta om kva universell utforming har å seie for integrering og deltaking.
Video: Extreme Music, Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0
Utfordringar til deg
- Kva betyr universell utforming?
- Korleis kan universell utforming påverke kvardagsmeistring og psykisk helse?
- Kva er forskjellen på omgrepa "funksjonshemma/funksjonshindra" og "nedsett funksjonsevne"? Drøft i klassen.
Relatert innhald
Kva er universell utforming?
Universell utforming er ein måte å planlegge og bygge opp samfunnet på slik at menneske med nedsett funksjonsevne blir ein del av samfunnet (integrert).
Funksjonsmangfald
Det finst eit mangfald av ulike måtar å fungere på. Kva utfordringar møter dei av oss som har ei funksjonsnedsetjing, i Noreg i dag?