Bli kjend på venterommet
Venterommet
Opne det interaktive venterommet under i fullskjerm. Bruk musepeikaren eller tastaturet til å navigere rundt, og gå inn på dei ulike punkta for å gjere deg kjend før du held fram til oppgåvene under.
Oppgåver
Bruk det interaktive venterommet for å bli kjend med korleis rommet er organisert og innreidd.
Noter nokre stikkord som forklarer kva funksjonar elementa i rommet har, og kva behov venterommet skal dekke.
Kva meiner vi med at venterommet skal vere tilpassa ulike pasientgrupper? Gi døme.
Kva er fordelane med ein glasskjerma resepsjonsskranke?
Kvifor er ergonomiske kontorstolar viktig for dei som sit i resepsjonen?
Kva er fordelane med ein automatisk døropnar til venterommet?
Kvifor er det viktig å ha dispenserstativ for handdesinfeksjon på venterommet?
Relatert innhald
I denne animasjonsfilmen kan du sjå korleis universell utforming og estetisk utforming aukar velværet for kundar og pasientar.
I denne filmen kan du sjå døme på god helseservice på ein tannklinikk og eit apotek, og du lærer om dei ulike formene for helseservice.