Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Bli kjend på behandlingsrommet

På behandlingsrommet i ein tannklinikk blir det utført tannbehandling, undersøkingar og førebyggande arbeid for å vareta god tannhelse hos pasientar. Bruk dette interaktive behandlingsrommet for å bli betre kjend her.

På behandlingsrommet

Opne det interaktive behandlingsrommet under i fullskjerm. Bruk musepeikaren eller tastaturet til å navigerer rundt, og gå inn på dei ulike punkta for å gjere deg kjend før du held fram til oppgåvene under.

Oppgåver

Bruk det interaktive behandlingsrommet for å bli kjend med korleis rommet er organisert, innreidd og kva utstyr du kan finne der.

  1. Kvifor er tannlegestolen ein sentral del av behandlingsrommet?

  2. Kva er fordelane med å ha ein ergonomisk utforma tannlegestol?

  3. Korleis kan informasjonsskjermen vere nyttig for både pasienten og tannhelsepersonellet?

  4. Kva blir spritklutane i glasbehaldaren brukte til?

  5. Kva er eit røntgenapparat? Kva er formålet med å ha det i behandlingsrommet?

  6. Kva er eit sugeanlegg, og kva blir det brukt til under tannbehandling?

Relatert innhald

Skrive av Aleksandra Krogh og Bushra Choudry.
Sist oppdatert 25.08.2025