Arbeidsoppgåver for tannhelsesekretæren

Kompetanse
Kompetansen til tannhelsesekretæren består av kunnskapar, ferdigheiter, haldningar og eigenskapar. I tillegg er evna til refleksjon og kritisk tenking ein del av kompetansen.
Sitt saman i små grupper på tre eller fire elevar. Diskuter kva kunnskapar, ferdigheiter, haldningar og personlege eigenskapar de meiner er nødvendige for at ein tannhelsesekretær skal kunne vere
ein profesjonell yrkesutøvar i arbeid med pasientar
ein del av teamet på tannklinikken
Lag ei liste med fem punkt frå oppgåve 1 om kva de meiner er viktig for å vere ein profesjonell tannhelsesekretær.
Skriv ei kort grunngiving til kvart punkt om kvifor dette er ein viktig del av kompetansen til tannhelsesekretæren.
Presenter lista for resten av klassen.
Gjennomfør ein diskusjon i klassen der gruppene samanliknar lister og grunngivingar for vala de har teke.
Rollespel: Ein nervøs pasient i tannlegestolen
Situasjonsbeskriving
Ein pasient sit i tannlegestolen og viser tydelege teikn på nervøsitet og uro. Dette kan vere gjennom kroppsspråk, rastløyse, mange spørsmål eller bekymra kommentarar.
1. Lag manus
Jobb i par. Den eine er pasienten, og den andre er tannhelsesekretæren.
Lag eit manus som viser ein realistisk samtale på 3–5 minutt der tannhelsesekretæren prøver å roe pasienten. Målet er at pasienten skal kjenne seg trygg og godt teken vare på.
Legg vekt på:
kroppsspråk
stemmebruk
ordval
aktiv lytting
empati og omsorg
2. Gjennomfør rollespelet
Øv på rollespelet til det flyt fint. Byt roller slik at begge får prøvd seg som både pasient og tannhelsesekretær.
Gjennomfør rollespelet i klasserommet eller i tannklinikken til skulen. De kan velje sjølve om de vil framføre ein versjon av rollespelet framfor klassen eller spele inn ein film og vise han i klassen.
3. Eigenvurdering og vurdering frå medelevar
Reflekter kort over det faglege innhaldet i rollespelet dykkar, og gi medelevar høve til å gi konstruktive tilbakemeldingar. De kan gjerne fokusere på to punkt som fungerte bra, og eit punkt som kan forbetrast.

Utforsk arbeidsoppgåvene til tannhelsesekretæren
Les fagartikkelen "Å jobbe på tannklinikk" for å lære om arbeidsoppgåvene til ein tannhelsesekretær.
Ta kontakt med ein tannklinikk. Be om å få komme på besøk og gjennomføre eit intervju og eventuelt observere gjennomføring av nokre arbeidsoppgåver. Har du praksis på ein tannklinikk, kan du fint gjennomføre denne oppgåva på din eigen praksisstad. Viss det er vanskeleg å få kontakt med ein tannklinikk, kan det vere eit alternativ å kontakte elevar og lærarar på vg3 tannhelsesekretær eller ei av fagforeiningane for tannhelsesekretærar.
Lag spørsmål til intervju. Hugs at du skal utforske kva tannhelsesekretæren gjer, korleis oppgåvene blir utførte, og kvifor.
Noter stikkord om kva det er lurt å observere.
Gjennomfør intervju og observasjon. Hugs å innhente samtykke dersom du tek bilete, video- eller lydopptak.
Lag eit samandrag av intervjua og dine eigne observasjonar, og lag ein presentasjon. Bruk eventuelt bilete, video- og lydopptak.
Presenter for klassen.
Relatert innhald
Film med tannhelsesekretær som fortel om utdanningsløpet og om eigenskapar som blir kravt i yrket.
Tannhelsetenestelova regulerer ansvaret til den offentlege tannhelsetenesta for å tilby tannhelsehjelp til enkelte grupper i samfunnet.