Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Bli kjend i korridoren på tannklinikken

Korridorar eller gangar bind saman dei ulike romma på tannklinikken, som behandlingsrom, sterilrom og venterom. Korridoren skal vere ryddig og fri for hindringar for å sikre trygg og effektiv ferdsel for både tilsette og pasientar. Bruk denne interaktive korridoren for å bli betre kjend her.

I korridoren på tannklinikken

Opne den interaktive korridoren under i fullskjerm. Bruk musepeikaren eller tastaturet til å navigerer rundt, og gå inn på dei ulike punkta for å gjere deg kjend før du held fram til oppgåvene under.

Oppgåver

Bruk den interaktive korridoren for å bli kjend med korleis han bind saman dei ulike romma i ein tannklinikk.

  1. Kva er ein eksponeringsknapp, og kvifor er det viktig at han er plassert utanfor behandlingsrommet?

  2. Kvifor er det viktig at behandlingsrom har dører? Nemn både praktiske og etiske grunnar.

  3. Kva blir gjennomgåande skap nytta til? Kva fordelar gir slike skap i det daglege arbeidet på tannklinikken?

  4. Kva er funksjonen til brannalarmsystemet, og kvifor bør det vere installert i heile klinikken?

Skrive av Aleksandra Krogh og Bushra Choudry.
Sist oppdatert 25.08.2025