Bli kjend på sterilrommet
Sterilrommet
Opne det interaktive sterilrommet under i fullskjerm. Bruk musepeikaren eller tastaturet til å navigerer rundt, og gå inn på dei ulike punkta for å gjere deg kjend før du held fram til oppgåvene under.
Oppgåver
Bruk det interaktive sterilrommet for å bli kjend med korleis rommet er organisert, innreidd og kva utstyr du kan finne der.
Kvifor er sterilrommet så viktig i arbeidet med smittevern på tannklinikken?
Forklar kva vi meiner med "soneinndeling" i sterilen. Nemn dei tre sonene i det interaktive rommet over, og forklar kva som skjer i kvar av dei.
Kva er forskjellen på desinfektor og autoklav?
Kva er rett rekkefølge for å handtere instrument frå brukt til ferdig sterilisert?
I kva situasjonar kan førstehjelpsutstyr brukast på tannklinikken, og kvifor er det viktig at det er lett tilgjengeleg?
Kva er funksjonen til eit gjennomgåande skap på sterilrommet?
Relatert innhald
Grunnleggande rutinar som handhygiene, desinfisering og bruk av verneutstyr vernar både pasientar og helsepersonell.
Alle gjenstandar og alt utstyr som har vore i kontakt med pasientar eller produkta deira, må desinfiserast eller destruerast etter bruk.