Å jobbe på tannklinikk

Rollene og oppgåvene til tannhelsetenesta
Tannhelsetenesta i Noreg består av både ein offentleg og ein privat sektor. Den offentlege (fylkeskommunale) tannhelsetenesta har hovudansvaret for å gi nødvendig og gratis tannbehandling til såkalla prioriterte pasientgrupper. Dette gjeld mellom anna barn og ungdom, unge vaksne, eldre og personar med psykisk utviklingshemming, i tråd med tannhelsetenestelova. Den private tannhelsetenesta rettar seg hovudsakleg mot vaksne pasientar som betaler for behandlinga sjølv.
Spesialiserte tannhelsetenester
Det finst òg spesialiserte tilbod ved kompetansesentera til tannhelsetenesta, studentklinikkar på utdanningsinstitusjonar og ved private tannklinikkar. Slike tilbod kan til dømes innebere behandling av pasientar med spesielle behov og kompliserte kirurgiske inngrep. Tilboda kan òg omfatte kjeveortopedisk behandling og utgreiing og behandling av sjeldne tilstandar innan tannhelse.
Førebyggande tannhelsetenester
I tillegg til behandling har tannhelsetenesta eit viktig ansvar for førebyggande tannhelse for å hindre utvikling av tann- og munnsjukdommar i befolkninga. Dette inneber å informere, rettleie og motivere pasientar til god munnhelse og gi råd om munnhygiene, sunt kosthald og bruk av fluor. Det inkluderer òg regelmessig innkalling til kontrollar for tidleg oppdaging av sjukdommar.
Kven jobbar på ein tannklinikk?
På ein tannklinikk jobbar ulike yrkesgrupper som saman blir kalla tannhelsepersonell. Dei kan altså jobbe i privat eller offentleg sektor, ved universitet eller ved kompetansesentera til tannhelsetenesta. Dei som jobbar i desse yrka, får autorisasjon frå Helsedirektoratet etter fullført utdanning.
Tannhelsesekretær
For å få autorisasjon som tannhelsesekretær må du fullføre ei godkjend utdanning. Det finst ulike modellar for utdanninga, men det ordinære utdanningsløpet består av
vg1 helse- og oppvekstfag
vg2 helseservicefag
vg3 tannhelsesekretær
Tannlege
Tannlegar, òg kalla allmenntannlegar, har fem års høgare utdanning med mastergrad. Ein tannlege undersøker, behandlar og førebygger sjukdommar i tenner, munn og kjeve.
Tannlegespesialistar
Tannlegespesialistar er tannlegar med vidareutdanning innan eit bestemt fagområde. Etter femårig tannlegeutdanning må ein ha minst to års praksis og deretter fullføre ei spesialistutdanning som varer mellom tre og fem år. Spesialistar jobbar ofte med meir avanserte (krevjande) behandlingar enn allmenntannlegar, og pasientar blir viste til dei ved behov. Nokre døme på tannlegespesialistar er kjeveortopedar, som jobbar med tannregulering, og oralkirurgar, som utfører kirurgiske inngrep i munnhola.
Tannpleiar
Tannpleiar er ei treårig bachelorutdanning ved universitetet eller høgskule. Ein tannpleiar jobbar sjølvstendig med førebyggande tannhelse og behandling av tannkjøttsjukdommar. Tannpleiarar i offentleg sektor jobbar òg med folkehelsearbeid, ofte ute i skular, barnehagar og sjukeheimar.
Organisering av ein tannklinikk
Resepsjon med venterom
Resepsjonen er det første pasienten møter på tannklinikken. Her blir pasienten registrert, og hen får informasjon om kva som skjer vidare. Venterommet er eit område der pasientar kan vente på behandling i eit komfortabelt og skjerma miljø.
Behandlingsrom
Behandlingsrommet er der sjølve tannbehandlinga skjer. Rommet er utstyrt med nødvendig tannlegeutstyr som stol, belysning og instrument for å utføre undersøkingar, behandlingar og prosedyrar som til dømes fyllingar, rotfylling og tannreins.
Sterilrom
Sterilrommet er ein viktig del av tannklinikken. Her blir instrument reingjorde, desinfiserte og steriliserte etter bruk, slik at dei er klare til neste pasientbehandling. Rommet speler ei sentral rolle for smittevernet og for å sikre eit trygt behandlingsmiljø.
Laboratorium
Eit laboratorium på tannklinikken blir brukt til enklare tanntekniske arbeid, som å lage gipsmodellar av tennene, framstille bleikeskjener eller polere protesar. Rommet er utstyrt med spesialisert utstyr til desse oppgåvene.
Røntgenrom
På røntgenrommet blir røntgenbilete som er tekne av tennene til pasienten, behandla. Bileta blir skanna i spesialiserte apparat og overførte direkte til den elektroniske journalen til pasienten.
Lager
Lagerrommet blir brukt til oppbevaring av nødvendige materiale og medisinsk utstyr, som til dømes tannfyllingsmateriale, hanskar, masker og anna forbruksutstyr. Dette rommet er viktig når vi skal halde orden på materiale og sørge for at tannklinikken har det som trengst for dagleg drift.
Personalrom
Personalrommet er eit område der tannhelsepersonell kan ta pausar, ete og ha personalmøte. Det fungerer som eit viktig avbrekk frå det kliniske arbeidet (arbeidet med pasientar) og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.

Kva gjer ein tannhelsesekretær?
Som tannhelsesekretær jobbar du tett med både pasientar og tannhelsepersonell, særleg med tannlegen, og du har hovudansvar for hygiene og smittevern på tannklinikken. Du assisterer tannlegen under behandling og utfører ei rekke praktiske og administrative oppgåver. Typiske arbeidsoppgåver inkluderer:
reingjering, desinfisering, sterilisering og vedlikehald av instrument og utstyr
klargjering av behandlingsrom til pasientbehandling
varebestilling
røntgenopptak
enklare laboratoriearbeid
mottak og oppfølging av pasientar og pårørande
administrativt arbeid som innkalling og journalføring
førebyggande tannhelsearbeid
I tillegg skal du halde deg fagleg oppdatert for å vareta kvalitet og pasientsikkerheit. Det finst diverse tilbod om etterutdanning, mellom anna gjennom fagorganisasjonar. Du må òg følge gjeldande lover, forskrifter og faglege retningslinjer som gjeld for tannhelsetenesta.
Heilskapleg yrkeskompetanse
Heilskapleg yrkeskompetanse som tannhelsesekretær inneber ein kombinasjon av kunnskapar, ferdigheiter og haldningar knytte til arbeidsoppgåver og ansvarsområde i yrket. Personlege eigenskapar som å vere omsorgsfull, tolmodig, nøyaktig, strukturert og ansvarsfull er viktige. Ei positiv innstilling til jobben, pasientane og pårørande og til samarbeid med kollegaer er òg sentralt. Det er nettopp denne heilskapen som er viktig for å kunne utøve yrkesrolla profesjonelt.
Utfordringar til deg
Kva ser du som dei største utfordringane ved å jobbe på ein tannklinikk?
Korleis kan du som tannhelsesekretær bidra til eit godt samarbeid med andre yrkesgrupper på tannklinikken?
Kva ville skje viss smittevernrutinane på tannklinikken ikkje vart følgde nøye? Korleis ville dette påverka både pasientar og tannhelsepersonell?
Kva konsekvensar ville det hatt for samfunnet viss tannhelsetenesta ikkje utførte førebyggande tannhelsearbeid, som opplæring i munnhygiene og kosthald?
Relatert innhald
Film med tannhelsesekretær som fortel om utdanningsløpet og om eigenskapar som blir kravt i yrket.
Tannhelsetenestelova regulerer ansvaret til den offentlege tannhelsetenesta for å tilby tannhelsehjelp til enkelte grupper i samfunnet.