Klargjering av behandlingsrom og unit

Desinfeksjon
Målet med desinfeksjon er å drepe sjukdomsframkallande mikroorganismar slik at dei ikkje kan overføre smitte. Vi desinfiserer på ulike måtar:
Varmedesinfeksjon
Ved varmedesinfeksjon bruker vi vatn og damp for å drepe mikroorganismar. Temperaturen på vatnet må vere minst 85 gradar i fem til ti minutt i dekontaminator eller desinfektor.
Kjemisk desinfeksjon
Ved kjemisk desinfeksjon arbeider vi med antiseptisk teknikk. Det betyr at vi bruker desinfiserande kjemikal på alle synleg reine overflater som toler alkohol, for å drepe mikroorganismar. Etter kvar pasient desinfiserer vi uniten med overflatedesinfeksjon 75 prosent. (Unit eller tannlegeunit er tannlegestolen med tilhøyrande instrument og utstyr, altså heile behandlingseininga). For at desinfeksjonen skal ha optimal effekt, bør overflata vere fuktig i minst to minutt. Dette sikrar at desinfeksjonsmiddelet får tilstrekkeleg verketid til å inaktivere mikroorganismar.
Film om klargjering av rom og utstyr
I denne filmen (lengde 9:23) ser vi korleis behandlingsrom og unit blir klargjorde.
Klargjering av behandlingsrom
Bruk hanskar under arbeidet.
Sorter og rydd behandlingsutstyret på brettet (sorter i fleir- og eingongsbor).
Tørk av kompositt eller sement ved behov før det herdar.
Kast alt eingongsutstyr, og ta resten av utstyret med til sterilrommet.
Kast alle spisse/skarpe gjenstandar som skalpellar og sprøytespissar i gul boks for risikoavfall.
Set instrumenta rett i dekontaminator.
Hugs handhygiene før du forlet sterilrommet.
Desinfeksjon av unit og tannlegestol
Bruk nye hanskar og ta så mange spritklutar (kompressar fukta med desinfeksjonsmiddel) som du har bruk for, ut av behaldaren på ein gong. Desinfiser deretter i denne rekkefølga:
arbeidsbenken og handtak på skuffer og skap
røntgenapparat, røntgenkonus, blykrage og eksponeringsknappen
lampehandtak med brytaren og glaset
pasientlenke
heile tannlegestolen frå nakkestøtte til fotstøtte
instrumentbordet over, på sida og under. Deretter spritar du av instrumentbrygga med trevegssprøyte, turbin og mikromotorar, slangar og panel.
fontenedelen av uniten, òg kalla sugeanlegget, med beteningspanel, sugeslangar og haldarar
utsida av spyttfontena, vassdispenser og innsida av spyttfontena
Utfordringar til deg
Kvifor skal spisse gjenstandar bli kasta i gul avfallsboks?
Kvifor er det viktig å desinfisere dei minst ureine sonene først?
Diskuter med ein eller fleire medelevar:
Kor mange spritklutar trur du trengst for å desinfisere uniten?
Kvifor er det viktig å ta ut alle klutane du treng, før du startar desinfiseringa?