Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald

Bli kjend i resepsjonen på legekontoret

Resepsjonen er rommet der vi tek imot pasientar og organiserer kvardagen på legekontoret på ein trygg og effektiv måte. Her gjer vi alt frå å svare på telefonar og bestille timar til å handtere viktig informasjon. Bruk den interaktive resepsjonen for å bli kjend med rommet.

Resepsjonen

Du kan opne biletet av resepsjonen i fullskjerm og bruke musepeikaren eller tastaturet for å navigere rundt. Klikk på dei ulike punkta for å gjere deg kjend før du gjer oppgåvene under.

Oppgåver

  1. Kvifor er det viktig med ei luke mellom resepsjonen og venterommet?

  2. Korleis trur du arbeidet i resepsjonen påverkar pasienten si oppleving av helsetenesta?

  3. Kva arbeidsoppgåver har helsesekretæren i resepsjonen?

  4. Kvifor er det viktig at den som sit resepsjonen samarbeider med dei andre som er på jobb?

  5. Kva blir kartoteket brukt til?

Skrive av Therese Lindahl Carlsen og Kathrine Synnøve Karlsen.
Sist oppdatert 18.05.2026