Arbeidsoppgåver for helsesekretæren

På jobb som helsesekretær
Ein helsesekretær har mange ulike arbeidsoppgåver gjennom ein heil dag.
Sjå filmen i ressursen "Helsesekretær".
Kva arbeidsoppgåver har ein helsesekretær på laboratoriet?
Kva for nokon administrative arbeidsoppgåver har ein helsesekretær?
Kva eigenskapar er det viktig å ha i dette yrket?
Gå inn på nettsidene for ulike fagforeiningar og fagskular. Finn ut kva kurs og vidareutdanningar som kan vere relevante for ein helsesekretær.
Arbeidsoppgåvene til ein helsesekretær
Vel ei arbeidsoppgåve som du ønsker å utforske og fordjupe deg i. Du kan anten ta kontakt med ulike praksisstader og be om å få intervjue ein helsesekretær, bruke det du har lært i undervisninga, eller bruke ulike læremiddel.
Kva arbeidsoppgåve har du valt å fordjupe deg i? Grunngi kvifor du valde nettopp denne arbeidsoppgåva.
Kvar og i kva situasjon blir oppgåva utført?
Kva kompetanse må du ha for å utføre oppgåva rett og trygt?
Kva prosedyrar eller rutinar gjeld for denne oppgåva?
Kva slags utstyr eller digitale verktøy blir brukte?
Er det nokon risikoar eller utfordringar knytte til oppgåva?
Kva synest du er mest utfordrande med gjennomføringa av denne oppgåva?
Kva har du lært om rolla til helsesekretæren gjennom å jobbe med denne oppgåva?
Presenter eit samandrag av det du har funne ut, for klassen.
Reflekter i par over kva de har funne ut om kva som må til for å bli ein kompetent og profesjonell helsesekretær.
Den kompetente helsesekretæren
I denne gruppeoppgåva skal de øve på å finne ein kompetent helsesekretær. Jobb i grupper på tre eller fire elevar.
De jobbar på eit legesenter og har ansvar for å tilsetje ein ny kollega. Dette inneber å lage ein stillingsannonse, gjennomføre intervju og velje den best kvalifiserte kandidaten.
1. Stillingsannonse
Lag ein profesjonell stillingsannonse som inneheld informasjon om
arbeidsstad
arbeidsoppgåver
ønskte kvalifikasjonar
lønn, stillingsprosent og arbeidstid
søknadsfrist og kontaktperson
2. Forslag til roller
De kan velje å lage eigne rollefigurar til helsesekretæren som søker på stillinga, eller bruke forslaga under. De kan legge til eigne idéar til styrkar og svakheiter i tillegg til det som er foreslått. Førebu dykk på å spele ei rolle før intervjurunden startar.
3. Intervjurunde
De skal no gjennomføre intervjurundar med kandidatar som er aktuelle for stillinga som helsesekretær.
Lag fem relevante intervjuspørsmål som tek utgangspunkt i stillingsannonsen de har laga.
Utfør intervjua. Ein av dykk speler helsesekretæren som gjennomfører intervjuet, ein av dykk speler helsesekretæren som søker stillinga, og den/dei andre observerer.
Byt roller slik at alle får prøve dei ulike rollene.
4. Utveljing
Etter at de har gjennomført intervjurunden, skal de i gruppa bestemme kven som skal få stillinga som helsesekretær og bli den nye kollegaen dykkar.
Diskuter:
Kva styrkar og svakheiter hadde kvar kandidat?
Kven trur de passar best inn på arbeidsplassen dykkar, og kvifor?
Korleis kan kandidaten bidra til eit godt samarbeid?
Bestem kven de vil tilsetje, og grunngi valet ut frå arbeidsoppgåver og ønskte kvalifikasjonar.
Presenter valet og grunngivinga munnleg for klassen.
Relatert innhald
Fagleg forsvarlegheit og omsorgsfull helsehjelp betyr at du som helsefagarbeidar har plikt til å opptre i samsvar med faglege normer og lovfesta krav.
Lov om helsepersonell (helsepersonellova) er ei lov som skal bidra til sikkerheit, kvalitet og forsvarlegheit i tenestene.