Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald
Bli kjend på konsultasjonsrommet
På konsultasjonsrommet tek helsepersonell imot pasientar for samtale, vurdering og oppfølging. God kommunikasjon er avgjerande for at pasienten skal kjenne seg trygg og godt vareteken. Bruk det interaktive konsultasjonsrommet for å bli kjend i rommet.
Konsultasjonsrommet
Du kan opne biletet av konsultasjonsrommet i fullskjerm og bruke musepeikaren eller tastaturet for å navigere rundt. Klikk på dei ulike punkta for å gjere deg kjend før du gjer oppgåvene under.
Oppgåver
Korleis trur du konsultasjonsrommet kan bidra til at pasienten kjenner seg sett og høyrd?
Kvifor trur du det er viktig å bruke webkamera under videokonsultasjonar?
Kva er ei synsprøvetavle?
Kva bruker vi eit otoskop til? Når trur du det er nødvendig å bruke det?