Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald

Bli kjend på laboratoriet på legekontoret

På laboratoriet tek vi blodprøver, tek imot urinprøver og utfører hurtigtestar. Vi analyserer prøvene og klargjer dei for vidare vurdering. Det er svært viktig at vi er nøyaktige, bruker utstyret rett og har gode hygienerutinar. Bruk det interaktive laboratoriet for å bli kjend i rommet.

Laboratoriet

Du kan opne biletet av undersøkingsrommet i fullskjerm og bruke musepeikaren eller tastaturet for å navigere rundt. Klikk på dei ulike punkta for å gjere deg kjend før du gjer oppgåvene under.

Oppgåver

  1. Kvifor er det spesielt viktig at vi er nøyaktige når vi jobbar på laboratoriet?

  2. Korleis bidreg gode hygienerutinar til god pasientsikkerheit på laboratoriet?

  3. Kva konsekvensar kan det få for pasienten dersom vi merker ei prøve feil?

  4. Korleis skal vi kaste brukte kanylar? Kva kan skje om vi kastar brukte kanylar i restavfallet?

  5. Kva er ein sentrifuge, og kva er formålet med å ha dette apparatet på laboratoriet?

  6. Kva er ein kyvette, og kva brukar vi han til?

Skrive av Kathrine Synnøve Karlsen og Therese Lindahl Carlsen.
Sist oppdatert 18.05.2026