Å jobbe som helsesekretær

Kva er ein helsesekretær?
Når pasientar kontaktar eller kjem til eit legekontor, sjukehus eller andre helseinstitusjonar, er det ofte helsesekretæren som tek imot dei. Framferda di er derfor heilt avgjerande for kva førsteinntrykk pasientane får av både arbeidsstaden din og helsevesenet samla sett. Som helsesekretær jobbar du med menneske i ulike aldrar som har behov for behandlingar og helsetenester.
Ordinært løp for å kunne bli helsesekretær er eit treårig utdanningsløp på vidaregåande skule:
vg1 helse- og oppvekstfag
vg2 helseservicefag
vg3 helsesekretær
Etter fullført utdanning søker du Helsedirektoratet om autorisasjon. Som helsesekretær har du autorisasjon som helsepersonell. Det betyr at du har ei godkjenning på at du oppfyller faglege og formelle krav til å jobbe som helsesekretær. Helsesekretær er ein beskytta tittel, så personar med andre utdanningar, til dømes medisinsk sekretær, kan ikkje bruke denne tittelen.
Arbeidsoppgåver
Som helsesekretær har du varierte arbeidsoppgåver. Dei vanlegaste arbeidsoppgåvene ein helsesekretær har, er dei følgande:
- Pasientmottak
- Ta imot og registrere pasientar.
- Laboratorie- og skiftestuearbeid
- Ta blodprøvar, utføre ulike undersøkingar som til dømes ekg, spirometri og øyreskyljing. Assistere legen ved kirurgiske inngrep og sårskift.
- Administrative oppgåver
- Dette kan vere å registrere betaling, setje opp nye timar for pasientar og føre journal med til dømes registrering av interne prøveresultat
- Telefon og elektroniske førespurnader
- Svare i telefonen og kommunisere digitalt over elektroniske plattformer, som til dømes Helsenorge.
- Observasjon
- Observere pasientar og vurdere ut frå medisinsk hastegrad om dei treng akutthjelp.
- Råd og rettleiing
- Gi råd og rettleiing til pasientar ved undersøkingar, gi råd om førebygging av sjukdommar og plager og svare på spørsmål frå pasientar.
Personlege eigenskapar
Som helsesekretær møter du pasientar både når dei kjem dit du arbeider, og når dei kontaktar deg via telefon. Då må du vise gode kommunikasjonsferdigheiter. Snakk tydeleg og lytt aktivt til kva pasientar og pårørande seier, og tilpass kommunikasjonen ved å avgrense bruken av fagomgrep slik at dei forstår kva du seier. Du må vere serviceinnstilt og hjelpe pasientar gå godt som mogleg, vere vennleg, imøtekommande og ha eit positivt kroppsspråk.
Nøyaktigheit
Å jobbe som helsesekretær krev nøyaktigheit i arbeidsoppgåvene, mellom anna ved prosedyrar på laboratoriet og skiftestua. Du må gjennomføre prosedyrar på ein forsvarleg og rett måte for å ikkje utsetje deg sjølv eller pasientar for fare. Til dømes må du vareta smittevern ved blodprøvetaking for å hindre smittespreiing frå pasient til pasient. Du må derfor utføre handhygiene mellom kvar pasient. Du må òg sørge for at du utfører rett analyse på rett pasient. Dette kan du gjere ved å identifisere pasientar med namn og fødselsnummer.
Kva kan skje viss du ikkje utfører arbeidet på ein nøyaktig måte?
Samarbeid
Du må ha gode samarbeidsevner i jobben som helsesekretær. Du jobbar tett saman med legar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og andre yrkesgrupper for å gi pasientar god og forsvarleg behandling. Det kan vere tilsette i heimetenesta som ringer på vegner av pasientar for å avtale eit legebesøk, eller du kan få ansvar for å koordinere overflytting og transport frå sjukehus til helsehus slik at du må vere i kontakt med dei ulike institusjonane. God kommunikasjon mellom ulike yrkesgrupper er avgjerande for å sikre overføring av viktig informasjon.
Effektivitet
Effektivitet er ein viktig eigenskap i arbeidet som helsesekretær. Det er hektiske dagar der du må veksle mellom å svare på telefonen og elektroniske førespurnader, gjere laboratoriearbeid eller administrative oppgåver som journalføring og samtidig betene pasientar som ventar på å komme til ulike undersøkingar og analysar som blir utførte av helsesekretærane. For å sørge for at pasientane får den tenesta dei skal ha, og ikkje skal vente unødvendig lenge, er det viktig å vere effektiv på ein måte som bidreg til betre arbeidsflyt.
Stresshandtering
I stressande situasjonar er det viktig å behalde roa, vere fokusert, tenke klart og kunne omstille seg. Det kan oppstå akutte situasjonar der ambulansen kjem med ein pasient som treng tilsyn av ein lege, samtidig som telefonen ringer og du allereie er oppteken med ein pasient på laboratoriet. Stress medfører risiko for å gjere feil eller gi dårleg helseservice fordi du blir ufokusert og ikkje lyttar aktivt til pasientane. Dermed kan viktig informasjon gå tapt, eller pasientane kan kjenne seg dårleg behandla. Samarbeid med kollegaer er sentralt i stressande situasjonar fordi du kan få hjelp til å planlegge og løyse ulike arbeidsoppgåver på ein god måte. Saman med kollegaer kan du skaffe deg oversikt og vurdere kva oppgåver som hastar mest for å gi forsvarleg helsehjelp.

Arbeidsstader
Det er mange ulike arbeidsstader du kan jobbe når du er utdanna helsesekretær. Her er nokre døme:
legekontor
sjukehus
bedriftshelseteneste
helsestasjon
helsesenter
kommunale helsetenester
Kurs og vidareutdanning
Som helsesekretær har du høve til å auke kompetansen din ved å ta kurs eller fagskuleutdanning. Det finst mange ulike kurs som kan takast som e-læringskurs, og dei ulike fagforeiningane tilbyr òg kurs for medlemmene sine. Ønsker du vidareutdanning, er det mogleg å ta dette gjennom fagskuleutdanning. Det finst fleire fagskuleutdanningar som er relevant for helsesekretærar, mellom anna helseadministrasjon eller helsekoordinatorstudium.
Utfordringar til deg
Kva betyr det å ha autorisasjon som helsesekretær, og kvifor er det viktig?
Korleis kan du sørge for at rett prøve blir analysert for rett pasient?
Kva kan du gjere for å bevare roa når det oppstår mange oppgåver samtidig på arbeidsplassen?
Kva for nokre personlege eigenskapar meiner du er viktigast for å kunne jobbe som helsesekretær? Grunngi svaret ditt.
Relatert innhald
Helseservicearbeidaren må kjenne til og forstå dei ulike behandlingane og undersøkingane som pasientar og kundar går gjennom.
Lov om helsepersonell (helsepersonellova) er ei lov som skal bidra til sikkerheit, kvalitet og forsvarlegheit i tenestene.