Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald
Bli kjend på undersøkingsrommet
På undersøkingsrommet utfører vi undersøkingar som krev spesielt utstyr og god tilrettelegging. Her gjer vi målingar, undersøkingar og observasjonar som gir oss viktig informasjon for å planlegge vidare behandling. Bruk det interaktive undersøkingsrommet for å bli kjend med rommet.
Undersøkingsrommet
Du kan opne biletet av undersøkingsrommet i fullskjerm og bruke musepeikaren eller tastaturet for å navigere rundt. Klikk på dei ulike punkta for å gjere deg kjend før du gjer oppgåvene under.
Oppgåver
Kva undersøkingar trur du blir utført i undersøkingsrommet?
Kva er årsaka til at undersøkingsbenken har beinstøtter?
Kva er eit ultralydapparat, og kva brukar vi det til?
Når bruker vi sterile hanskar?
Kva bruker vi utstyrsbøtta til?