Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Tema: Kjønn, kropp og seksualitet

Mange skulle ønske at dei lærte meir om kjønn, kropp og seksualitet då dei gjekk på skulen. Det får de anledning til i desse oppgåvene. Her skal de diskutere mange ulike sider ved både kjønn, kropp og seksualitet.

Nedanfor har vi samla eit forslag til oppgåver de kan jobbe med for å lære meir om kjønn, kropp og seksualitet. Forslaga er samla i økter som varer cirka 20–30 minutt, så det passar godt å jobbe med dei i klassens time. Vi har laga eit forslag til progresjon som eignar seg om de ønsker å jobbe med fleire økter over ein lengre periode. Det er likevel ikkje nødvendig å følge denne rekkefølga. De kan godt velje ut éi eller to økter og berre jobbe med dei.

Økt 1: Kva er seksualitet?

Sjå ein kort film om seksualitet, diskuter kva seksualitet er, og korleis vi kan snakke om det på ein god måte. Du finn filmen og oppgåvene i lenka under.

Oppgåve: Kva er seksualitet?

Blir det tid etter at de har sett filmen og diskutert, kan de jobbe med oppgåva under, der temaet er ungdomschattar om fest og seksualitet.

Oppgåve: Ungdomschattar om fest og seksualitet

Tips til gjennomføring av økta

Til læraren: Som førebuing til timen kan du lese artikkelen under om kva seksualitet er.

Artikkel: Kva er seksualitet?

Tips til vidare fordjuping: Blir det meir tid til å jobbe med dette temaet, kan de gjere oppgåvene under om korleis seksualiteten vår blir forma.

Oppgåve: Korleis blir seksualiteten vår forma?

Økt 2: God seksualitet

Vi har alle ein seksualitet, og vi er alle fødde som seksuelle vesen med ei evne til å nyte. I denne oppgåva skal de lese ein artikkel om tilfredsstillande seksualitet, og reflektere over korleis vi kan få eit tilfredsstillande seksualliv. Gjer oppgåve 1 og 2.

Oppgåve: Korleis tilfredsstille seg sjølv og andre?

Tips til gjennomføring av økta

Tips til læraren: Som førebuing til timen kan du lese artikkelen under om tilfredsstillande seksualitet før de gjennomfører opplegget.

Artikkel: Tilfredsstillande seksualitet

Tips til vidare fordjuping: Blir det meir tid til å jobbe med dette temaet, kan de gå gjennom artikkelen over og diskutere han.

Økt 3: Forelsking og forhold

Forelsking og forhold byr på ulike utfordringar. I denne oppgåva skal du reflektere over korleis nokre ungdommar kan løyse dei utfordringane dei står overfor på ein best mogleg måte.

Oppgåve: Casar om forelsking og forhold

Tips til gjennomføring av økta

Tips til læraren: Som førebuing til timen kan du lese artikkelen under om forelsking og forhold.

Artikkel: Forelsking og forhold

Tips til vidare fordjuping: Blir det meir tid til å jobbe med dette temaet, kan de gå gjennom artikkelen over og diskutere han.

Økt 4: Seksuell orientering og seksuelle rettar

Kva for nokon seksuelle rettar har du? I denne oppgåva skal de reflektere over nokre konkrete utfordringar ulike ungdommar møter på, og undersøke kva for nokre seksuelle rettar dei har.

Oppgåve: Oppgåver om seksuelle rettar

Tips til gjennomføring av økta

Tips til læraren: Som førebuing til timen kan du lese artiklane under om seksuelle rettar og seksuelle orienteringar. I timen bør du gå kort gjennom kva for nokre seksuelle rettar vi har og dei vanlegaste seksuelle orienteringane, før elevane diskuterer casane.

Artikkel: Seksuelle rettar

Artikkel: Seksuell orientering

Tips til vidare fordjuping: Blir det meir tid til å jobbe med dette temaet, kan de gå gjennom artiklane og diskutere dei.

Økt 5: Seksualitet og grenser

Korleis kan du setje grenser for kroppen din og seksualiteten din? I denne oppgåva skal du sjå ein film og reflektere over kommunikasjon og samtykke.

Oppgåve: Seksualitet og samtykke

Blir det tid, kan de gjere oppgåva under. Her skal de reflektere over kva for haldningar som kan føre til seksuelle overgrep, og kva for haldningar som kan hindre det.

Oppgåve: Haldningar og seksuelle overgrep

Tips til gjennomføring av økta

Tips til læraren: Som førebuing til timen kan du lese artiklane under om sexpress og valdtekt.

Artikkel: Kva er sexpress?

Artikkel: Valdtekt

Det finst ulike filmar om samtykke. I artikkelen under finn du ein film frå Redd Barna som heiter Samtykke, som å lage en kopp te og eit klipp frå NRK-serien Skam, som du òg kan bruke i undervisninga.

Artikkel: Kjønn, seksualitet og kropp: Grensesetjing

Mange unge sitt syn på seksualitet blir påverka av porno, men dette blir sjeldan snakka om i klasserommet. I læringsstien under er det eit forslag til korleis du kan ta opp temaet Porno i klasserommet.

Læringssti: Påverknad frå porno

Tips til vidare fordjuping: Blir det tid til å jobbe meir med dette temaet, kan de jobbe med oppgåvene under.

Oppgåve: Sexpress og gråsonesex

Oppgåve: Seksuell trakassering – kva gjer du?

Økt 6: Kroppspress

Det er mange ungdommar som kjenner på kroppspress. I denne oppgåva skal du lytte til ein podkast om kroppspress med komikar Jonis Josef, og reflektere over kva som skaper kroppspress, og korleis du kan takle det.

Podkast: Kroppspress

Tips til gjennomføring av økta

Tips til læraren: Som førebuing til timen kan du lese artikkelen under om kroppspress.

Artikkel: Kroppspress

Tips til vidare fordjuping: Blir det meir tid til å jobbe med korleis kroppspress verkar, kan de jobbe med nokre av oppgåvene under.

Oppgåve: Casar om kroppspress

Oppgåve: Korleis kan bilete skape press og stress?

Økt 7: Kva er kjønn?

Kva er kjønn? Det finst fleire ulike måtar å forstå kva kjønn er. I denne oppgåva skal de sjå ein film og reflektere over kjønnsidentitet og kjønnsnormer. Gjer oppgåve 1 og 2. Blir det tid, kan de òg gjere oppgåve 3.

Oppgåve: Kjønnsmangfald

Tips til gjennomføring av økta

Tips til læraren: Som førebuing til timen kan du lese artikkelen under om kjønn.

Artikkel: Kva er kjønn?

Tips til vidare fordjuping: Blir det meir tid til å jobbe med dette temaet, kan de jobbe med podkasten og oppgåvene under.

Oppgåve: Kjønn og kjønnsidentitet

Økt 8: Kjønnsmangfald

Det finst eit mangfald av kjønnsidentitetar og kjønnsutrykk. I denne oppgåva skal de sjå episoden "Trans eller født i feil kropp?" frå NRK-serien Ikke snakk om det (lengde 0:19) og diskutere kjønnsmangfald. Gjer oppgåve 3. Blir det tid, kan de òg gjere oppgåve 1 og 2.

Oppgåve: Utforsk kjønnsmangfald

Tips til gjennomføring av økta

Tips til læraren: Som førebuing til timen kan du lese artikkelen under om kjønnsmangfald.

Artikkel: Kva er kjønnsmangfald?

Tips til vidare fordjuping: Blir det meir tid til å jobbe med kjønnsmangfald, kan de jobbe med oppgåva under.

Oppgåve: Dykk i djupna på kjønn og identitet

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 16.06.2026