På vidaregåande skule kjem mange elevar i kontakt med rusmiddel. Det kan derfor vere viktig å reflektere over kvifor nokon bruker rusmiddel, korleis dei verkar, og kva for konsekvensar bruk av rusmiddel kan få.
Nedanfor har vi samla eit forslag til oppgåver de kan jobbe med for å lære meir om rus. Forslaga er samla i økter som varer cirka 20–30 minutt, så det passar godt å jobbe med dei i klassens time. Vi har laga eit forslag til progresjon som eignar seg om de ønsker å jobbe med fleire økter over ein lengre periode. Det er likevel ikkje nødvendig å følge denne rekkefølga. De kan godt velje ut éi eller to økter og berre jobbe med desse oppgåvene.
Kvifor bruker mange rusmiddel? I denne oppgåva skal de reflektere over årsaker til rusmiddelbruk. Gjer oppgåve 1 og 2. Om de har tid, kan de òg gjere oppgåve 3:
Oppgåve 1 kan gjerast indidviduelt og i grupper, mens oppgåve 2 bør gjerast i grupper. Det kan vere lurt at læraren har lese artikkelen om årsaker til rusmiddelbruk før de gjennomfører opplegget:
Tips til vidare fordjuping: Dersom det blir meir tid til å jobbe med årsaker til rusmiddelbruk, kan elevane sjølv lese artikkelen over, og utforske rusmiddelbruken der dei bur ved hjelp av Ungdata:
Alkohol er det vanlegaste rusmiddelet blant ungdom, men det finst mange mytar om korleis alkohol verkar. I desse oppgåvene skal de teste dykk sjølve, og lære om korleis alkohol faktisk verkar:
Tips til vidare fordjuping: Dersom det blir meir tid til å jobbe med korleis alkohol verkar, kan elevane sjølv lese artikkelen over. Ønsker de å lære meir om korleis andre rusmiddel verkar, kan de gjere oppgåva under:
Korleis kan du setje dine eigne grenser når det gjeld rusmiddel? I denne oppgåva møter de seks ungdommar, og de skal diskutere utfordringane dei står overfor:
Tips til vidare fordjuping: Dersom det blir meir tid til å jobbe med dette temaet, kan de anten jobbe med oppgåvene under om drikkepress og/eller gjennomføre eit rollespel om rus og grenser:
Rus er ein del av russetida for mange elevar. I denne oppgåva skal de sjå ein film om russetida, og diskutere korleis de kan få ei fin russetid. Gjer oppgåve 1 og 2:
Tips til vidare fordjuping: Dersom det blir meir tid til å jobbe med dette temaet, kan elevane sjølv lese artikkelen over, og reflektere over innhaldet.